Bjarte Engen Vik




Bjarte Engen Vik (fødd 3. mars 1971) er ein tidlegare kombinertrennar og skihoppar. Han vann tre individuelle VM-titlar i kombinert og vart olympisk meister i 1998. Dessutan var han med å vinne to lagtevlingar under verdsmeisterskapar, samt lagtevlinga under OL i 1998. I alt vann han tolv (7-4-1) medaljar i dei store meisterskapane, fem individuelle og sju i lagtevlingar. Han vann verdscupen i kombinert i 1998 og 1999. Mellom mars 1996 og januar 2001 vann han 26 verdscuprenn. Han vart noregsmeister i kombinert seks gongar og fekk til to NM-bronser, den eine i skihopping. Vik, som representerte Bardufoss og Omegn IF, hadde sin store styrke i hoppbakken.




Innhaldsliste






  • 1 Aktiv


    • 1.1 Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap


    • 1.2 Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap




  • 2 Kjelder


  • 3 Bakgrunnsstoff





Aktiv |


Vik deltok i sin fyrste internasjonale meisterskap i Falun 1993, der han vart nummer fire i verdsmeisterskapen. Året etter fekk han bronsemedaljen i kombinertøvinga under OL på Lillehammer, etter å ha tapt spurten om sølvet mot Takanori Kōno frå Japan. Seinare i olympiaden gjekk han andreetappen for Noregs tremannslag i lagtevlinga. I ski-VM 1995 i Thunder Bay var han med å vinne eit nytt lagsølv for Noreg, den gongen eit firemannslag.


I 1997 tok Vik sølvet i kombinertøvinga i verdsmeisterskapen i Trondheim, vel halvminuttet bak verdsmeisteren Kenji Ogiwara frå Japan. Deretter gjekk Vik andreetappen på Noregs vinnarlag i lagtevlinga; dei andre på laget var Halldor Skard, Knut Tore Apeland og Fred Børre Lundberg. Under vinter-OL 1998 vart Vik dobbeltvinnar då han vann den individuelle øvinga framom Samppa Lajunen frå Finland, og sidan då han deltok for Noreg i lagtevlinga. I lagtevlinga hadde han hjelp av lagkameratane førnemnde Skard, Lundberg og Kenneth Braaten.


Vik vart individuell verdsmeister for fyrste gong i Ramsau am Dachstein i 1999. Han vann då normalprogrammet i kombinert med to hopp i hoppbakken og eit langrenn over 15 kilometer. Sidan vann han også ei såkalla sprinttevling (halvprogram), ei då fersk øving som stod på VM-programmet for aller fyrste gong. I begge tevlingane sigra han med om lag eit halvt minutts forsprang til høvesvis Samppa Lajunen og Kenji Ogiwara. I lagtvelinga i Ramsau vart det norsk sølv med Vik på sluttetappen.


Vik tok sine siste gullmedaljar i ski-VM 2001 i Lahti. Han sigra i normalprogrammet med over eit minutt til Samppa Lajunen, medan han i sprinttevlinga vart nummer ni. Vik gjekk så tredjeetappen for Noregs lag som gjekk til topps i lagtevlinga, elleve sekundar føre Austerrike. Kenneth Braaten, Sverre Rotevatn og Kristian Hammer var dei andre på meisterlaget.


Frå 1996 til 2000 vann Vik kvart år kombinert-øvinga i Holmenkollrenna, ein prestasjon som berre Lauritz Bergendahl, Johan Grøttumsbråten og Rauno Miettinen kunne vise til.


Vik la opp som kombinertrennar i 2001.



Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap |



Number Bjarte Engen Vik Nagano.jpg




  • Falun 1993: Fjerdeplass


  • Vinter-OL 1994 på Lillehammer: Bronsemedalje; sølv i lagtevlinga


  • Thunder Bay 1995: Sjuandeplass, sølv i lagtevlinga


  • Trondheim 1997: Sølvmedalje, gull i lagtevlinga


  • Vinter-OL 1998 i Nagano: Gullmedalje både individuelt og i lagtevlinga


  • Ramsau 1999: Gullmedalje både i normal- og sprint-øving, sølv i lagtevlinga


  • Lahti 2001: Gullmedalje i normaløvinga og i lagtevlinga



Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap |



  • 1992: Nr 4 i kombinert i Trondheim

  • 1994: Nr 5 i kombinert og nr 7 i skihopp normalbakke i Vegårshei

  • 1995: Nr 5 i kombinert i Oslo

  • 1996: Gullmedalje i kombinert i Stryn

  • 1997: Gullmedalje i kombinert i Mo i Rana

  • 1998: Gullmedalje i kombinert i Berkåk og bronsemedalje i skihopp normalbakke i Trondheim

  • 1999: Gullmedalje i kombinert på Raufoss

  • 2000: Gullmedalje (normal) og bronsemedalje (halvprogram) i kombinert på Vang i Hedmark

  • 2001: Gullmedalje i kombinert på Steinkjer


I 1997 vart Vik tildelt Holmenkollmedaljen, saman med Stefania Belmondo og Bjørn Dæhlie.



Kjelder |



  • Sportsboken, aktuelle årgangar


Bakgrunnsstoff |






  • Resultatoversikt hos FIS (engelsk)




  • (en) Bjarte Engen Vik – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva