Munn






Munnhola på eit menneske med drøvel og svelg.


Munnen er ein kroppsopning som mange dyr bruker for å ta til seg næring. Han kan også brukast til anding, kommunikasjon og utskiljing av væske, som spytt eller gift. For det meste ligg munnen i hovudet, men nokre dyr har han andre stader på kroppen. Hjå menneske er munnen tydeleg markert med lepper i fjeset.



Munnhola |


Munnhola (latinsk cavum oris) er første del av fordøyelsessystemet. Her tek meltinga til gjennom at maten blir kutta opp i mindre bitar av tennene og tilsett spytt frå spyttkjertlane. Spytt er basisk (pH høgare enn 7) og inneheld enzymet amylase som spaltar stivelsesmolekyl frå polysakkarid til disakkarid. Spyttet drep bakteriar og gjer også maten blautare og lettar å svelga. Når maten er ferdig toggen, blanda og fordelt, blir han dytta ned i svelget av tunga.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Mund» frå Wikipedia på dansk, og «Munnhule» frå Wikipedia på bokmål den 11. februar 2008.













Spire Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Olav Thon