Selz
- Selz er òg det tyske namnet for elva Seille
| Selz | |
elv | |
Selz munnar ut i Rhinen | |
| Land | |
|---|---|
| Nedslagsfelt | 375 km² |
| Lengd | 63 km |
| Middelvassføring | 0,77 m³/s |
| Kjelde | Donnersbergkreis |
| - høgd | 321 moh |
| Munning | Rhinen ved Ingelheim |
Wikimedia Commons: Selz (river) | |
Selz er ei elv i Rheinland-Pfalz i Tyskland, og ei av sideelvane til Rhinen frå venstre med ei lengd på 63 km. Ho har sitt utspring i Saarland, nordvest for Homburg. Elva renn gjennom det største tyske vinområdet kalla Rheinhessen. Ho har sitt utspring nær landsbyen Orbis i Donnersbergkreis, og kryssar grensa frå Pfalz til Rheinhessen etter om lag 8 km ved byen Alzey i landkreis Alzey-Worms. Her renn elva gjennom kanalar under byen. Vidare renn ho gjennom Gau-Odernheim, Nieder-Olm og Ingelheim, før ho ved Frei-Weinheim munnar ut i Rhinen.
Selz har eit nedslagsfelt på 375 km², men elva har fleire stader ganske ujamn vassføring.
Store delar av elva vart retta opp og kanalisert på 1950- og 1960-talet, og i seinare tid har ein utført prosjekt for å føre elva tilbake til sin naturlege tilstand. Ein del av årsaka til denne gjennopprettinga var at flaumfaren vart mykje større etter at elva vart kanalisert.
Byar og landsbyar |
Selz
Frå kjelda til munningen renn Selz gjennom følgjande landsbyar og byar:
- Orbis
- Morschheim
- Mauchenheim
- Alzey
- Alzey-Schafhausen
Framersheim (Der Selz mottar sideelva Weidas)- Gau-Köngernheim
- Gau-Odernheim
- Bechtolsheim
- Undenheim
- Friesenheim
- Köngernheim
- Selzen
- Hahnheim
- Sörgenloch
- Nieder-Olm
- Stadecken-Elsheim
- Bubenheim
- Schwabenheim an der Selz
- Groß-Winternheim
- Ingelheim am Rhein
Bakgrunnsstoff |
- Gjennoppretting av Selz
Kjelde |
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Selz frå Engelsk Wikipedia .
Sideelvar til Rhinen | |
|---|---|
| Frå venstre: | Vorderrhein | Erft |
| Frå høgre: | Hinterrhein | Schipbeek |
|