Oude IJssel
































Oude IJssel

elv

Isselbrücke Doetinchem.jpg

Oude IJssel ved Doetinchem

Land

Flag of Germany.svg Tyskland, Flag of the Netherlands.svg Nederland


Lengd
80 km

Kjelde
Borken i Nordrhein-Westfalen
Munning

IJssel



Wikimedia Commons: Oude IJssel


Oude IJssel, eller Alte Issel på tysk (begge namna tyder «Gamle IJssel»), er ei elv i Tyskland og Nederland, og ei av sideelvane til IJssel frå høgre med ei lengd på 80 km. IJssel er ein av greinene i Rhindeltaet. Oude IJssel var den øvre leia til IJssel fram til ein grov ut ein kanal til Rhinen, sannsynlegvis i romartida.


Rhinen vart då det største bidraget til IJssel, sjølv om relativt lite av vatnet i Rhinen renn denne vegen og inn i IJssel-systemet. Forskjellige sideelvar kan stundom gje ganske mykje vatn til den totale vassføringa i elva, t.d. elvane Berkel og Schipbeek. IJssel er den einaste greina av Rhindeltaet som mottar sideelvar i staden for å spreie seg ut i fleire greiner. Berre nær munningen av IJssel delar ho seg opp i fleire greiner i det litle IJsseldeltaet.


Kjelda til Oude IJssel ligg nær Borken i Nordrhein-Westfalen i Tyskland. Ho renn først sørvestover før ho nesten når Rhinen nær Wesel, der ho snur nordvestover. Etter Isselburg kryssar ho grensa til Nederland (provinsen Gelderland). Ho renn gjennom Doetinchem og munnar ut i IJssel i Doesburg.



Kjelde |



  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Oude IJssel frå Engelsk Wikipedia .


















Popular posts from this blog

Why is a white electrical wire connected to 2 black wires?

Waikiki

What are all the squawk codes?