Wupper
| Wupper | |
elv | |
Wupper under Schwebebahn | |
| Land | |
|---|---|
| Nedslagsfelt | 827 km² |
| Lengd | 113 km |
| Middelvassføring | 15,4 m³/s |
| Kjelde | Sauerland |
| - høgd | 441 moh |
| Munning | Rhinen |
Wikimedia Commons: Wupper | |
Wupper er ei elv i Nordrhein-Westfalen i Tyskland, og ei av sideelvane til Rhinen frå høgre. Ho har sitt utspring nær Marienheide vest i Sauerland. Den øvre leia vert kalla Wipper. Elva er 113 km lang og renn gjennom byen Wuppertal der svevebanen Schwebebahn Wuppertal følgjer elva, like over elveleiet. Elefanten Tuffi hoppa i elva frå Schwebebahn 21. juli 1950.
Elva er ikkje framkommeleg for båtar og ligg i det tidlegare Hertugdømet Berg. Før industrialiseringa vart vatnet nytta i garveri. Tidleg industrialisering nytta seg av dei mange bekkane som renn ut i Wupper til vasskraft.
Elva vert kryssa av den høgaste jernbanebrua i Tyskland nær Müngsten mellom Remscheid og Solingen. Eit par kilometer lenger ned ligg Schloss Burg på ein ås ovanfor elva. Elva munnar ut i Rhinen i Leverkusen, sør for Düsseldorf.
Kjelde |
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Wupper frå Engelsk Wikipedia .
Sideelvar til Rhinen | |
|---|---|
| Frå venstre: | Vorderrhein | Erft |
| Frå høgre: | Hinterrhein | Schipbeek |
|