Hammerfest kommune


































































Hammerfest kommune

kommune





kommunevåpen


Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Finnmark


Adm.senter

Hammerfest

Areal
849 km²
 - land
819 km²
 - vatn
30 km²

Folketal
10 533 (1. januar 2018)
Folketettleik

13 / km²



Målform
nøytral

Ordførar
Alf E. Jakobsen (Ap)


Kommunenr.
2004




NO 2004 Hammerfest.svg




Wikimedia Commons: Hammerfest

Nettstad: www.hammerfest.kommune.no


Hammerfest (nordsamisk: Hámmárfeastta gielda, kvensk: Hammerfesti komuuni[1]) er ein bykommune i Finnmark fylke. Kommunen ligg på øyane Kvaløya, Seiland og Sørøya, og grensar til Kvalsund i aust, Alta i sør og til Hasvik i vest. Byen Hammerfest ligg på Kvaløya, som er forbunde med bru til fastlandet. Hammerfest er ein av verdas nordlegaste byar, på 70°40' nordleg breidde. Andre tettstadar i kommunen er mellom anna Rypefjord,Forsøl, Akkarfjord, Hønseby, Hellefjord, Kårhamn, Skarvfjordhamn og Sandøybotn.


Sjølv om han ligg langt nord for polarsirkelen, har byen ei isfri hamn. Hammerfest har tradisjonelt vore eit senter for fiskeri, handel, kommunikasjonar og offentlege tenester i Vest-Finnmark. I dag er byen også sterkt prega av utbygginga av Snøhvitfeltet, sidan gassen frå feltet skal førast i land og skipast ut i ein LNG-terminal på Melkøya utanfor byen. I 2005 kom Hammerfest på UNESCO si verdsarvliste med det nordlegaste målepunktet i Struves meridianboge.


Alf E. Jakobsen vart valt som ordførar hausten 2007, men sit på Stortinget som vara for Karl Erik Scjøtt Pedersen. I den perioden er Kristine Jørstad Boch ordførar




Innhaldsliste






  • 1 Historie


    • 1.1 Folketalsutvikling




  • 2 Tettstader i kommunen


  • 3 Venskapsbyar


  • 4 Anna


  • 5 Fotnotar


  • 6 Bakgrunnsstoff





Historie |




  • 1684: Hammerfest fekk kyrkje og prest. Folketalet låg på rundt 60 personar.


  • 1764: Innbyggjarane i byen mista handelsretten sin etter befaling av kong Frederik V av Danmark. Dette førte til at Russland byrja å sende skip med korn til Hammerfest, den såkalla Pomorhandelen.


  • 17. juli 1789: Hammerfest fekk bystatus.


  • 1809: Byen blei plyndra av to engelske fregattar under Napoleonskrigen. Etter dette blei det bygd ein skanse på Fuglenes.


  • 1856: Byen blei øydelagd av ein særs kraftig orkan. Ei internasjonal innsamling skaffar pengar til å byggje byen opp att.


  • 1859: Det første fyret i Finnmark blei bygd på Fuglenes. Byen fekk den første reguleringsplanen sin.


  • 1868: Det første vassverket i Hammerfest blei bygd.


  • 1870: Oppføring av ein telegrafstasjon som blei brukt av heile Finnmark.


  • 1890: Ein bybrann la 2/3 av byen i oske. Under gjenoppbygginga fekk Hammerfest eit kommunalt elektrisitetsverk og blei i 1891 den første byen i nord-Europa som fekk elektrisk gatelys.


  • 1944: Innbyggjarane blei tvangsevakuert av den tyske okkupasjonsmakta, og byen blei systematisk brent og øydelagt. Berre det vesle gravkapellet frå 1939 blei ståande att.

  • 1950-talet: Hammerfest blei bygd opp att etter ein heilt ny reguleringsplan. Fiskeribedrifta Findus var blant dei mest moderne i Europa, med nymotens fryseteknikk som tillét eksport av fisk i stor skala.


  • 1980: Barentshavet blei opna for leiteboring etter olje og gass. Hammerfest blei base for supplyskip og helikopter.


  • 1992: Hammerfest blei slått saman med nabokommunen Sørøysund.




Hammerfest. Bilete teke i juni 2005.



  • 2002: Statoil starta bygginga av ein LNG-terminal på Melkøya for å ta imot gass frå Snøhvitfeltet i Barentshavet.


Folketalsutvikling |


Folketalsutvikling for noverande Hammerfest kommune frå 1920:



























1.12.1920[2]
1.12.1930[3]
3.12.1946[3]
1.1.1951[4][5]
1.1.1961[4][5]
1.1.1971[4]
1.1.1981[4]
1.1.1991[4]
1.1.2001[4]
1.1.2010[4]
5015
5604
5599
6187
8088
9366
9656
9250
9166
9724


Tettstader i kommunen |



  • Hammerfest - 8 052 innbyggjarar per 1. januar 2017


  • Rypefjord - 1 838 innbyggjarar per 1. januar 2017



Venskapsbyar |




  • Flagget til Argentina Ushuaia


  • Flagget til Danmark Ikast


  • Flagget til Finland Torneå


  • Flagget til Sverige Trelleborg


  • Det amerikanske flagget Petersburg



Anna |


«Hammerfest» er namnet på ein romstasjon i romanen A Deepness In the Sky av Vernor Vinge.



Fotnotar |





  1. https://incubator.wikimedia.org/wiki/Wp/fkv/Hammerfesti


  2. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)


  3. 3,03,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)


  4. 4,04,14,24,34,44,54,6 Folkemengd i Hammerfest 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå


  5. 5,05,1 Folkemengd i Sørøysund 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå




Bakgrunnsstoff |



  • Nettstaden til Hammerfest kommune

  • Statoil si informasjonsside om Snøhvitfeltet


  • Hammerfest får elektrisk lys på http://www.gasskraft.com












Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva