Grong kommune
Grong kommune | ||
kommune | ||
| ||
Land | Noreg | |
---|---|---|
Fylke | Trøndelag | |
Adm.senter | Grong | |
Areal | 1 136 km² | |
- land | 1 114 km² | |
- vatn | 22 km² | |
Folketal | 2 400 (1. januar 2018) | |
Folketettleik | 2 / km² | |
Målform | nøytral | |
Ordførar | Skjalg Åkerøy (Ap) | |
Kommunenr. | 5045 | |
Wikimedia Commons: Grong | ||
Nettstad: www.grong.kommune.no | ||
Grong (sørsamisk Kråangke) er ein kommune i Trøndelag fylke. Kommunen ligg i den midtre delen av Namdalen, omkring elvane Namsen og Sanddøla. Elvane møtest ved kommunesenteret Grong.
Grong kommune vart oppretta i 1964 da dei tidlegare kommunane Grong og Harran vart slått saman. Kommunen grensar i nord og nordaust til Namsskogan, i vest til Høylandet og Overhalla, i sør til Snåsa og i søraust til Lierne.
Europaveg 6 og Nordlandsbanen går gjennom kommunen. Det er samband til Sverige med fylkesveg 74 gjennom Lierne.
I kommunesenteret finn ein Grong videregående skole og Namdals folkehøgskole.
Kjelder |
John Stokkan og Knut A. Rosvold (22.10.2017). «Grong». Store norske leksikon. Henta 29. desember 2017.
Bakgrunnsstoff |
- Offisiell nettstad
Kommunar i Trøndelag | ||
---|---|---|
|
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
|