Paul Butterfield












































Paul Butterfield

Paul Butterfield 79.jpg
Butterfield på Woodstock Reunion 1979
Verkeleg namn Paul Vaughn Butterfield[1]
Fødd
17. desember 1942(1942-12-17)[1]
Chicago i Illinois[1]
Død

4. mai 1987 (44 år)[2]
North Hollywood i California[2]


Instrument


  • Munnspel

  • vokal



Sjanger


  • Bluesrock

  • Chicago blues

  • Blue-eyed soul



Aktive år 1963–1987
Yrke Musikar
Tilknytte artistar


  • The Paul Butterfield Blues Band

  • Paul Butterfield's Better Days



Plateselskap


  • Elektra

  • Bearsville




Paul Vaughn Butterfield (17. desember 1942–4. mai 1987) var ein USA-amerikansk bluesmunnspelspelar og songar. Etter å ha spelt klassisk fløyte i ungdomen, utvikla han ei interesse for bluesmunnspel. Han utforska bluesmiljøet i heimbyen Chicago, der han møtte Muddy Waters og andre blueslegender, som oppfordra han og let han få spele med dei. Han byrja etter kort tid å spele fast med bluesentusiastane Nick Gravenites og Elvin Bishop.


I 1963 skipa han The Paul Butterfield Blues Band, som spelte inn fleire suksessrike album og vart populære på festivalane seint i 1960-åra, med konsertar i Fillmore West i San Francisco; Fillmore East i New York City; Monterey Pop Festival og Woodstockfestivalen. Bandet var kjend for å kombinere elektrisk Chicago blues med rock og for å vere pionerar innan jazzfusion. Etter at bandet vart oppløyst i 1971, fortsette Butterfield å turnere og spele med bandet Paul Butterfield's Better Days, med mentoren Muddy Waters og medlemmar av gruppa The Band. Butterfield var framleis aktiv som plate- og konsertartist då han i 1987, 44 år gammal, døydde av ein heroinoverdose.


Musikkskribentar har trekt fram utviklinga hans av ein original spelestil som plasserer han blant dei mest kjende bluesmunnspelspelarane. I 2006 vart han innlemma i Blues Hall of Fame. Butterfield og tidlege medlemmar av The Paul Butterfield Blues Band vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2015. Begge panela trekte fram dugleiken hans på munnspel og bidraga hans til å bringe bluesmusikken ut til eit yngre og breiare publikum.




Innhaldsliste






  • 1 Diskografi


    • 1.1 Studioalbum


      • 1.1.1 The Butterfield Blues Band


      • 1.1.2 Paul Butterfield




    • 1.2 Konsertalbum


    • 1.3 Som studiomusikar


    • 1.4 Hyllestalbum




  • 2 Kjelder


  • 3 Bakgrunnsstoff





Diskografi |



Studioalbum |



The Butterfield Blues Band |




  • The Paul Butterfield Blues Band (1965)


  • East-West (1966)


  • The Resurrection of Pigboy Crabshaw (1967)


  • In My Own Dream (1968)


  • Keep On Moving (1969)


  • Sometimes I Just Feel Like Smilin' (1971)



Paul Butterfield |




  • Better Days (1973) (av Paul Butterfield's Better Days)


  • It All Comes Back (1973) (av Paul Butterfield's Better Days)


  • Put It in Your Ear (1976)


  • North-South (1981)


  • The Legendary Paul Butterfield Rides Again (1986)



Konsertalbum |




  • Live (1970)


  • Strawberry Jam (1996, innspelt 1966–1968)


  • East-West Live (1996, innspelt 1966–1967)


  • Live at Unicorn Coffee House (utgjeve med fleire titlar og datoar, innspelt som piratkopi 1966)


  • Live at Winterland Ballroom, Paul Butterfield's Better Days (1999, innspelt 1973)


  • Rockpalast: Blues Rock Legends, Vol. 2, Paul Butterfield Band (2008, innspelt 1978)


  • Live at the Lone Star, Rick Danko, Richard Manuel & Paul Butterfield (2011, innspelt 1984)



Som studiomusikar |




  • John Mayall's Bluesbreakers with Paul Butterfield, John Mayall & the Bluesbreakers (EP, 1967)


  • Blues at Midnight (utgjeve med fleire titlar og datoar), Jimi Hendrix, B.B. King og andre (piratkopiplate av jam innspelt 1968)


  • Fathers and Sons, Muddy Waters (1969)


  • Give It Up, Bonnie Raitt (1972)


  • Steelyard Blues, Mike Bloomfield, Nick Gravenites, Maria Muldaur og andre (1973)


  • That's Enough for Me, Peter Yarrow (1973)


  • Woodstock Album, Muddy Waters (1975)


  • Levon Helm & the RCO All-Stars (1977)


  • The Last Waltz, The Band (1978)


  • Elizabeth Barraclough, Elizabeth Barraclough (1978)


  • Hi!, Elizabeth Barraclough (1979)


  • B.B. King & Friends (utgjeve med forskjellige titlar og datoar), B.B King, Eric Clapton, Stevie Ray Vaughan og andre


  • Heart Attack, Little Mike & the Tornados (1990, innspelt 1986)



Hyllestalbum |



  • A Tribute to Paul Butterfield', Robben Ford and the Ford Blues Band (2001)


  • The Butterfield/Bloomfield Concert, The Ford Blues Band, med Robben Ford og Chris Cain (2006)



Kjelder |





  • Denne artikkelen bygger på «Paul Butterfield» frå Wikipedia på engelsk, den 6. juli 2017.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:



  • Dicaire, David (2001). More Blues Singers: Biographies of 50 Artists from the Later 20th Century. Mcfarland & Co Inc. ISBN 978-0-7864-1035-4. 


  • Ellis III, Tom (Spring 1997). «Paul Butterfield: From Newport to Woodstock». Blues Access (Blues Access) (29). 


  • Erlewine, Michael (1996). «Paul Butterfield Blues Band». All Music Guide to the Blues. Miller Freeman Books. ISBN 0-87930-424-3. 


  • Field, Kim (2000). Harmonicas, Harps og Heavy Breathers: The Evolution of the People's Instrument. Cooper Square Press. ISBN 978-0-8154-1020-1. 


  • Gioia, Ted (2008). Delta Blues. W. W. Norton. ISBN 978-0-393-33750-1. 


  • Gordon, Robert (2002). Can't Be Satisfied: The Life and Times of Muddy Waters. Little, Brown. ISBN 0-316-32849-9. 


  • Herzhaft, Gerard (1992). «Paul Butterfield». Encyclopedia of the Blues. University of Arkansas Press. ISBN 1-55728-252-8. 


  • Houghton, Mick (2010). Becoming Elektra: True Story Of Jac Holzman's Visionary Record Label. Jawbone Press. ISBN 978-1-906002-29-9. 


  • Marcus, Greil (2006). Like a Rolling Stone: Bob Dylan at the Crossroads. Public Affairs. ISBN 978-1-58648-382-1. 


  • Milward, John (2013). Crossroads: How the Blues Shaped Rock 'n' Roll (and Rock Saved the Blues). Northeastern. ISBN 978-1-55553-744-9. 


  • Rothchild, Paul (1995). The Original Lost Elektra Sessions. Paul Butterfield Blues Band. Elekrtra Traditions/Rhino Records. R2 73305. 


  • Shadwick, Keith (2001). «Paul Butterfield». The Encyclopedia of Jazz & Blues. Oceana. ISBN 978-0-681-08644-9. 


  • Wolkin, Jan Mark; Keenom, Bill (2000). Michael Bloomfield – If You Love These Blues: An Oral History. Backbeat Books. ISBN 978-0-87930-617-5. 





  1. 1,01,11,2
    «Paul Butterfield». Sweet Home Cook County. Cook County Clerk's Office. Henta 6. juli 2017. 



  2. 2,02,1
    «Musician's Death Laid to Overdose». Los Angeles Times. June 13, 1987. Henta 6. juli 2017. 







Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Paul Butterfield





Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

Hudsonelva