Lhasa
Lhasa | |
|---|---|
| Styresmakter | |
| Land Provins | Folkerepublikken Kina Regionen Tibet |
| Borgarmeister | Doje Cezhug |
| Geografi | |
| Flatevidd - By | 53 km² |
| Innbyggjarar - By (2009) | 1,110,123 |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Høgd over havet | 3490 m |
| Tidssone | UTC + 8 (UTC+8) |
| Diverse anna | |
| Telefon-retningsnummer | 850000 |
Heimeside: http://lasa.gov.cn | |
| Plassering | |
Lhasa i Lhasadalen i Tibet.
Lhasa Tibetansk: ལྷ་ས་; Wylie: lha-sa; Mal:Zh-stp, nokre gonger kalla Llasa, er den tradisjonelle hovudstaden i Tibet. Byen er no hovudstad i Tibet-regionen i Folkerepublikken Kina. Byen er i tillegg tradisjonelt hovudsetet til Dalai Lama.
Lhasa tyder «staden til gudane». Byen ligg kring 3650 meter over havnivå og er med det ein av dei høgstliggjande byane i verda.
Historie |
Den andre keisaren av Tibet, Songtsen Gampo, skal ha gjort Lhasa til hovudstad. Andre kjelder syner at landet vart styrt frå fleire byar, som skifta mellom å vera hovudstad.
I den første delen av 1900-talet kom fleire vestlege oppdagarar til byen. Mellom desse var Francis Younghusband, Alexandra David-Néel og Heinrich Harrer. I utgangspunktet var Lhasa ein heilag og lukka by, stengd for framande. I 1950-åra gjorde kinesrane seg stadig sterkare gjeldande, og ved hjelp av militære styrkar fekk dei styringa over Tibet. Frå 1959 har tibetanarar i eksil, leia av den fjortande Dalai Lama oppretthalde ei eksilregjering.
Turisme |
Potalapalasset er definert av UNESCO til å stå på verdsarvlista for kulturminne. Andre viktige bygg er Jokhang, Norbulingka, Drepung-klosteret og Sera-klosteret.
Ein 1080 km lang jarnveg, Qinghai-Tibet jarnvegen til Lhasa er under bygging.
|