Säffle




Koordinatar: 59°7′53.645″N 12°55′24.078″E




Byvåpenet til Säffle.


Säffle er ein by i Värmlands län i Sverige. Han er kommunesentrum i Säffle kommune og hadde 8 991 innbyggjarar den 31. desember 2010. Säffle fekk bystatus så seint som i 1951, og er med dette den yngste byen i Sverige.


Säffle ligg ved innsjøen Vänern, ved elva Byälven, om lag 50 km sørvest for Karlstad. E45 og jernbanen Noreg/Vänernbanan går gjennom byen.


Funn frå fortida syner at det har vore busetnader på denne staden sidan jernalderen. Säffle byrja å vokse då Säffle kanal blei opna i 1837. Jernbanen kom til denne tettstaden i 1879. I 1882 budde det om lag 700 der.




Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Säffle» frå Wikipedia på bokmål, den 7. juli 2012.





Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

Hudsonelva