Dale i Sunnfjord




For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Dale.














































Dale
stad

Dale Panorama.jpg

Dale i Sunnfjord (Panorama)

Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Sogn og Fjordane

Kommune

Fjaler

Areal
1,09 km²

Folketal
1 149 (2017)
Folketettleik

1 054 / km²



Postnummer
6963 DALE I SUNNFJORD

Preposisjon

i Dale


Wikimedia Commons: Dale (Sunnfjord)




Frå Dale sentrum
Foto: Jan-Tore Egge





Etter at Dalsfjordbrua opna, er det slutt på fergetrafikken i Dale.


Dale er kommunesenter i Fjaler kommune i Sogn og Fjordane fylke, nærmare bestemt Sunnfjord. Bygda ligg ved Dalsfjorden, og har 1 149 innbyggjarar per 1. januar 2017. Bygda er kommunesenteret i Fjaler og har dermed kommunehuset med kontor til administrasjonen. I desember 2013 opna Dalsfjordbrua som knyter saman Askvoll kommune og Fjaler kommune.




Innhaldsliste






  • 1 Kultur og industri


  • 2 Utdanning


  • 3 Transport


  • 4 Dalsfjordsambandet


  • 5 Folketalsutvikling


  • 6 Kjelder





Kultur og industri |


I Dale finn ein Klokkargarden, fødestad åt diktaren Jakob Sande, Nordisk Kunstnarsenter på Dalsåsen og designstudioet Ralston & Bau og idéfabrikken Transplant. I tillegg så driv Dale Ungdomsslag Fjaler Kino på frivillig basis. Kinoen held til i ungdomshuset Trudvang som ligg langs fv. 57 mellom Dale sentrum og Dingemoen skule.



Utdanning |


Dale har vore utdanningssentrum for området i mange år, og i dag finn ein Dingemoen barneskule, Fjaler ungdomsskule og Dale vidaregåande skule i bygda.



Transport |


Frå rutebilstasjonen i Dale sentrum går det fleire bussar mellom anna til Førde og Bergen via Riksveg 57 eller snøggbåt.
Bygda ligg 25 min frå Førde lufthamn, Bringeland.



Dalsfjordsambandet |


I desember 2013 opna Dalsfjordbrua for trafikk. Den knyter saman Fjaler kommune med Askvoll kommune. Dalsfjordsambandet består av ny fylkesveg nummer 609 frå Eikenes til Nishammaren i Dale og ny fylkesveg nummer 57 frå Fjaler Sjukeheim til Sætenes. Dalsfjordsambandet inneheld tre nye tunnelar, der to av tunnelane ligg i Askvoll kommune og den siste ligg i Fjaler kommune, og sist men ikkje minst Dalsfjordbrua over Dalsfjorden. Desse tre tunnelane heiter Dalsfjordtunnelen, Ottersteintunnelen og Nishammartunnelen. Nishammartunnelen ligg i Fjaler kommune og er ein av få tunnelar i Noreg med rundkøyring inne i fjellet.



Folketalsutvikling |




































































Folketalsutvikling i Dale
År


Innbyggjarar

1920
  
206
1930
  
463
1946
  
666
1950
  
728
1960
  
813
1970
  
967
1980
  
924
1990
  
935
2000
  
905
2009
  
980
2012
  
1 063
Kjelder: SSB: Norske folketeljingar


Kjelder |



  • http://www.dalsfjordbrua.no/





Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?