Dalsfjordbrua
































Dalsfjordbrua

P1270477dalsfjordbrua.JPG

Dalsfjordbrua


Kryssar

Dalsfjorden
Stad

Fjaler og Askvoll
Utforming

Hengebru
Spenn
523
Høgd
101 m
Opna

14. desember 2013

Dalsfjordbrua er ei vegbru over Dalsfjorden i Sogn og Fjordane. Hengebrua har eit spenn på 523 meter og brutårna er 101 meter høge. Ho vart opna 14. desember 2013.[1] Brua er bygd som ein del av prosjektet Dalsfjordsambandet og inngår i fylkesveg 609. På vestsida går vegen inn i Ottersteintunnelen, medan på austsida av brua går vegen i ein 290 meter lang tunnelarm inn til ei rundkjøring inne i Nishammartunnelen.


Bruplanane stammar frå 1960-åra med eit ynskje om å få vegsamband mellom Askvoll og Førde og Dale med veg på nordsida av Dalsfjorden. Mellom anna vart det samla inn 1200 underskrifter til støtte for dette prosjektet i 1962. Seinare vart det avgjort at det skulle byggast bru over Dalsfjorden. I 1975 starta bygginga av gegen frå ferjeleiet på Eikenes og innover fjorden mot Otterstein, der Dalsfjordbrua skulle byggast over til Nishammar på sørsida. Etter at fire kilometer veg og ein tunnel var blitt bygd, vart vegarbeidet stoppa i 1979. Finansieringa til prosjektet vart i 1981 overført til andre prosjekt, og vegprosjektet som til då hadde kosta 13 millionar kroner, endte i fjellveggen. Slik stod den uferdige vegen til arbeidet vart teke opp att i 2010.


Midt på 1990-talet vart bruplanane teke opp igjen, og i 2005 gjekk Sogn og Fjordane fylkesting inn for å prioritere Dalsfjordbrua.


I følgje trafikkanalyser var årsdøgntrafikken 45 biler over ferjeleiet Dale-Eikenes i 2007, og ein venta årsdøgntrafikk på 750 biler når brua opna i 2013.[2]


Heile prosjektet kosta omkring 1,1 miliarder kroner, der halvparten var til sjølve broen.[3]



Kjelder |





  1. Askvoll kommune: Offisiell opning av Dalfjordsambandet.


  2. Reguleringsplan Dalsfjordbrua (arkiv 2010-04-07) i 2.1 Trafikk «Årsdøgntrafikken (ÅDT) på eksisterande rv. 57 var i 2007 utrekna til ca.750 ved Setenes. I Dale sentrum nord er ÅDT 1100. På ferjestrekninga Dale-Eikenes er ÅDT 45. SINTEF Veg- og transportplanlegging har gjort fleire trafikkanalysar for det nye sambandet over Dalsfjorden. Prognosane deira viser at det i opningsåret 2013, vil vere ÅDT 750 på rv. 609 over Dalsfjordbrua.»


  3. Våre Veger, nr 6, 2012.




Bakgrunnsstoff |



  • Sogn og Fjordane Fylkesarkiv: Kampen for Dalsfjordbrua

  • NRK Sogn og Fjordanes fylkesleksikon: Dalsfjordbrua

  • Bergens Tidende: Byggjestart på Dalsfjordbrua i 2009

  • Aksjon Dalsfjordbrua





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Olav Thon