Danny Seraphine











































Danny Seraphine
DannySeraphine(by Scott Dudelson).jpg
Danny Seraphine - Live in Concert
Fødd
28. august 1948 (70 år)
Fødestad
Chicago i Illinois i USA
Fødenamn Daniel Peter Seraphine
Opphav USA
Aktiv 1967 til i dag
Sjanger Rock
Instrument
trommer, perkusjon
Tilknytte artistar
Chicago, Chicago Transit Authority
Verka som Musikar

Daniel Peter «Danny» Seraphine (fødd 28. august 1948) er ein USA-amerikansk trommeslagar, plateprodusent, teater- og filmprodusent. Han er mest kjend som den opphavlege trommeslagaren i rockegruppa Chicago, som han spelte med frå 1967 til 1990.



Biografi |


Danny Seraphine var fødd i Chicago og byrja å spele trommer då han var ni år gammal ved St. Priscilla Catholic grade school. Då han var 15 år gammal slutta Seraphine ved Steinmetz High School. Han tok private timar hos den kjende perkusjonisten Bob Tilles ved DePaul University, der medlemmane av Chicago òg studerte.


Han fortsette å gå i lære hos storband-trommeslagaren Chuck Flores, og to år hos jazztrommeslagaren Jo Jones i midten av 1970-åra.


Seint i 1960-åra spelte Seraphine i forskjellige band, mellom anna eit med tenåringsvenene Walter Parazaider (saksofon og treblåseinstrument) og Terry Kath (gitar). Etter at Lee Loughnane (trompet), James Pankow (trombone), Robert Lamm (klaverinstrument) og Peter Cetera (bass) kom med i bandet, spelte dei under forskjellige namn, først the Missing Links, så The Big Thing (og stundom The Big Sound), før dei slo seg ned med Chicago Transit Authority. Det vart etter kort tid korta ned til Chicago etter trugslar om søksmål frå det eigentlege Chicago Transit Authority.


Seraphine var medlåtskrivar på fleire songar for bandet, som «Lowdown», «Little One», «Take Me Back to Chicago», «Show Me the Way», «Birthday Boy» og «Street Player». Han skreiv ofte i lag med David «Hawk» Wolinski, som var klaverspelar for Chaka Khan og Rufus. Songen hans «Street Player» vart sampla av The Bucketheads for dance-hitten «The Bomb! (These Sounds Fall into My Mind)», og seinare av rapperen Pitbull for hitten «I Know You Want Me (Calle Ocho)».


I 1974 investerte Seraphine i B'Ginnings, eit musikklokale med kapasitet til nesten tusen menneske, nordvest i Chicago.


Seraphine slutta i Chicago i 1990, etter innspelinga av Chicago 19. Han vart erstatta av Tris Imboden.


Tidleg i 2006 danna Danny Seraphine eit nytt band, California Transit Authority (CTA), med Marc Bonilla på sologitar, Mick Mahan på bassgitar, Ed Roth og Peter Fish på klaverinstrument, Mike Wallace på gitar, og Tower of Power-songaren Larry Braggs på vokal. Dei gav ut albumet Full Circle i 2007.


I 2009 kom filmen Lonely Street, der Seraphine var leiande produsent og musikalsk rettleiar. I 2010 gav Seraphine ut sjølvbiografien sin, Street Player: My Chicago Story.[1][2] Same året gav han ut opplærings-DVDen «The Art of Jazz Rock Drumming», produsert av The Drum Channel.



Lovord |


Seraphine har av musikkmagasinet Rolling Stone blitt rangert som ein av dei 100 beste trommeslagarane gjennom tidene.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Danny Seraphine» frå Wikipedia på engelsk, den 20. oktober 2015.





  1. Seraphine, Daniel; X., Adam (2011) [2010]. Street Player: My Chicago Story (Book and eBook). Chicago (2nd utg.). Hoboken, New Jersey: John Wiley & Sons. ISBN 9780470416839. OCLC 463675584. Henta 14. juli 2013. 


  2. «22-Sept-2013 Interview on Outsight Radio Hours». Archive.org. Henta 18. oktober 2015. 




























Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Olav Thon