Sleipne




Sjå òg Sleipner (fleirtyding)




Odin rir inn i Valhall på hesten sin, Sleipner


Sleipne (Sleipner eller på norrønt Sleipnir) er i den norrøne mytologien hesten til Odin. Sleipne er ein svart hingst med åtte bein, og er den snøggaste hesten i verda.


Det er berre Odin som kan ri Sleipne. Hesten spring like godt over vatn som på landjorda og i lufta. Sleipne skal kunna springa over gjerdet til dødsriket Hel, ingen andre hestar kan gjera dette.


Sleipne er barn av hingsten Svadilfare og Loke då Loke skapt seg om til ei hoppe. I fylgje Gylfaginning skapa Loke seg om til ei hoppe for å lokka den store hingsten Svadilfare vekk frå arbeidet med å byggja muren kring Åsgard, slik at æsane vann veddemålet om kor fort det kunne gjerast.


Hesten Grane skal stamma frå Sleipne.



Kalla opp etter Sleipner |




  • Gassfeltet Sleipner, gass- og kondensatfelt i Nordsjøen (Sleipner aust/Sleipner vest)


  • Oljeplattformar på Sleipnerfeltet (Sleipner A/Sleipner B/Sleipner T)


  • M/S «Sleipner», ein snøggbåt som høyrde til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD). Sleipner gjekk på grunn og forliste 26. november 1999. 16 menneske omkom. Ulukka vert kalla Sleipner-ulukka.


  • HF «Sleipner», hydrofoilbåt som høyrde til Sandnæs Dampskibs-aktieselskab (1961)


  • Sleipner Motor AS i Fredrikstad


  • Jagaren KNM «Sleipner», norsk jagar brukt under Andre verdskrigen.


  • Korvetten KNM «Sleipner», norsk korvett som vart utfasa i 1992.


  • Hesteplogen Sleipner for åker- og vollpløying (produsert av Underhaug Fabrikk A/S frå 1940 til 1950)



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sleipne









Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Olav Thon