Sandtorg



































Sandtorg
stad

Sandtorg.jpg

Sandtorg ca. 1895

Foto:
Thorstein Brændmo




Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Troms

Kommune

Harstad



Postnummer
9430 SANDTORG

Innbyggjarnamn
sandtorging


Wikimedia Commons: Sandtorg


Sandtorg er ei bygd ved Tjeldsundet i Harstad kommune med ca 300 innbyggjarar. Viktigaste arbeidsstad er Rødskjær industriområde der SIVA driv produksjon av plastbåtar. Ved den over 220 år gamle handelsstaden ligg eit hotell og campingplass. Sandtorg grensar mot fylkesgrensa til Nordland i sør og nabobygda Haukebø i nord.




Innhaldsliste






  • 1 Sandtorg kommune 1926 - 1964


    • 1.1 Folketalsutvikling




  • 2 Sandtorg prestegjeld


  • 3 Sandtorg bygdetun


  • 4 Bakgrunnsstoff


    • 4.1 Fotnotar







Sandtorg kommune 1926 - 1964 |


Sandtorg var tidlegare eigen kommune med Harstad som administrasjonsstad. Kommunen grensa mot byskiljet i nord og fylkesgrensa til Nordland i sør. Han vart oppretta som eigen kommune i 1926, då han vart skilt ut frå Trondenes kommune. 1. januar 1964 vart kommunen slått saman med Harstad og Trondenes til den nye storkommunen Harstad.[1]



Folketalsutvikling |


Folketalsutvikling for tidlegare Sandtorg kommune frå 1930 til 1964:

















1.12.1930[2]
3.12.1946[2]
1.1.1951[3]
1.1.1961[3]
1.1.1964[1]
4224
5072
5394
7081
7512


Sandtorg prestegjeld |


Sandtorg prestegjeld vart oppretta med eige sokneprestembete i 1956. Sandtorg kyrkje ligg i Sørvik, 20 km nordom bygda Sandborg.



Sandtorg bygdetun |


Sandtorg bygdetun ligg ved Sandtorg kyrkje i Sørvik. Bygdetunet er ei samling av lokale bygningar — dei eldste stammar frå 1700-talet.



Bakgrunnsstoff |


  • Sandtorgsidene


Fotnotar





  1. 1,01,1 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)


  2. 2,02,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)


  3. 3,03,1 Folkemengd i Sandtorg 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå








Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Olav Thon