Commodore PET
![]() | |
Commodore PET | |
---|---|
Type | Personleg datamaskin |
Utviklar | Commodore Business Machines |
Lansert | 1977 |
Produksjonstopp | 198? |
Prosessor | MOS Technology 6502 @ 1MHz |
Minne | 4KB - 96KB |
Operativsystem | Microsoft BASIC 1.0~4.0 |
Commodore PET (Personal Electronic Transactor) var den første datamaskina som vart laga av det amerikanske føretaket Commodore Business Machines. Føretaket hadde tidlegare berre laga kontormøblar og kalkulatorar. Den første PET-modellen kom ut i 1977. Den vart kalla PET 2001 og kom med 4 eller 8 kb med valfri RAM. Seinare revisjonar av modellen kunne nytte 16 eller 32 kb med RAM.
Kassettspelaren, som vart nytta som lagringsmedium, var innebygd i systemet og det var difor lite plass attende til tastaturet. Trass det vesle tastaturet vart PET 2001 ein populær modell.
Då Commodore lanserte PET i Europa vart maskinane seld under namnet CBM, ettersom det Nederlandske føretaket Philips alt selde datamaskiner under dette merkenamnet.


Mikrodatamaskinar frå Commodore |
MOS Technology 6502-baserte (8-bit): MOS/CBM KIM-1 | M68K-baserte (16/32-bit): Amiga 1000 | |