Differensialgir
Differensialgir, eller differensial, er ein utvekslingsmekanisme som fordeler dreiemomentet mellom to akslingar som kan ha forskjellig turtal. I drivakselen på motorkøyretøy syter differensialen for at dei to drivhjula kan ha ulikt turtal når køyretøyet svingar. Differensialen er vanlegvis bygd in i kronhjulet på drivakselen, som vist i figur 1 [1].
Prinsipp |
På bakjulsdrivne køyretøy vil mellomakselen driva pinjongen, (4) i figur 1, som så driv kronhjulet, (1) i figur 1, som tilsvarar det blå tannhjulet i figur 2. (På grunn av den store forskjellen i talet på tenner vil kronhjulet rotera mykje saktare enn pinjongen.) På eit køyretøy med framhjulsdrift trengst det ikkje vinkelgir, så både pinjongen, som driv kronhjulet, og kronhjulet vil vera sylindriske tannhjul, som det blå tannhjulet i figur 2.
Når kronhjulet roterer vil det ta med seg dei to planethjula, (2) i figur 1. I figur 2 er berre eit planethjul vist, men i praksis er det to, som i figur 1. Dei to planethjula er fritt opplagra, men ved køyring rett framover vil dei ikkje rotera, men dra med seg dei to solhjula, (6) i figur 1, som vil rotera med same turtal som kronhjulet.
Om eit av hjula står på glatt (friksjonslaust) underlag og det andre har godt feste, vil hjulet med godt feste stå fast og planethjula vil rotera når akslingane dei er opplagra på roterer med kronhjulet, som visa i figur 2 b). Hjulet på glatt underlag vil no rotera med dobbelt turtal i høve til når begge hjula roterer med same turtal.
Ved køyring i sving vil hjulet i innersvingen rotera saktare enn ved køyring rett fram og det ytre hjulet vil rotera fortare. Differensialen syter slik for at begge hjula roterer med rett fart i høve til veglengda dei rullar.
Fig. 2 a) Differensial når begge utgåande akslingar har same turtal.
Fig. 2 b) Differensial når den eine utgåande akslingen står i ro.
kjelder |
↑ Gretland, G. (red.), Bilmekanikeren - Bilteknisk håndbok, Teknologisk forlag, bind 2, 1974.
Sjå òg |
- Differensialsperre