Oslo katedralskole

Oslo katedralskole, fasaden mot gatene, med Ullevålsveien i framgrunnen og oppover mot høgre, fotografert i 1902. Utsjånaden er hovudsakleg den same i dag.
Skulens fasadar mot skuleplassen.
Oslo katedralskole er ein vidaregåande skole i Oslo med røter tilbake til mellomalderen og den opplæringa som kyrkja stod for.
Skolen er i dag ei privat stifting (Stiftelsen Oslo katedralskole) som sjølv eig bygningen og det eineståande biblioteket, som er det eldste i Noreg. Sjølve skoledrifta er likevel kommunal (fylkeskommunal), til liks med andre offentlege vidaregåande skolar.
Katedralskolen er kjend som «Katta» på folkemunne.
Historie |
Skolen blei grunnlagt i år 1153 av den paveutsende kardinalen Nicolaus Breakspeare (seinare pave Hadrian IV). I reformasjonsårhundret var skolen sentrum for den såkalla austlandshumanismen, leia av menn som biskop Jens Nielssøn og lector theol. Hallvard Gunnarsøn.
På 1600-talet blei oppretta eit gymnasium i samband med skolen, som kunne ha vore det første tilløpet til eit norsk universitet, men pengevanskar førte til at det blei nedlagd etter kort tid.
Kjende tidlegare elevar |
Niels Henrik Abel (1802-1829)
Henrik Anker Bjerregaard (1792-1842)
Mauritz Hansen (1794-1842)
Kong Harald V (1937-)
Veronica Orderud (1972-)
Conrad Nicolai Schwach (1793-1860)
Jens Stoltenberg (1959-)
Arne Treholt (1942-)
Henrik Wergeland (1808-1845)
Johan Herman Wessel (1742-1785)
Bakgrunnsstoff |

Vis Oslo katedralskole i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren- Nettstad for Oslo katedralskole
- Historie på nettstaden
- Kattateateret
|