Warszawapakta
Warszawapakta (offisielt: «Traktaten for venskap, samarbeid og gjensidig assistanse») var ein militærallianse mellom Sovjetunionen og den tidlegare austblokka. I alliansen var det både reelt uavhengige statar og statar som trass i formelt sjølvstende de facto var styrt frå Sovjetunionen. Forsøk på å bryte ut av pakta vart slått ned.
Alliansen vart etablert som forsvarspakt retta mot NATO, som hadde vorte etablert i 1949. Ei viktig hending som førte til danninga av Warszawapakta var gjenopprustinga av Vest-Tyskland og NATO-medlemskap. Pakta vart underskriven i Warszawa den 14. mai 1955, vart sett i verk frå 5. juni 1955. Pakta heldt saman til den kalde krigen var over. Medlemslanda byrja å trekkje seg i 1991, og pakta vart offisielt oppløyst 1. juli 1991.
Medlemsland |
Sovjetunionen
Albania (Khrusjtsjov kasta landet ut av Warszawa-pakta den 17. oktober 1961)
Bulgaria
Romania
Tsjekkoslovakia (etter Sovjetunionen braut saman: Tsjekkia og Slovakia)
Folkerepublikken Polen (etter Sovjetunionen braut saman: Polen)
Ungarn
Den tyske demokratiske republikken (ut i 1990 i samband med samlinga av Tyskland)
Det strengt stalinistiske Albania trekte seg ut av alliansen i 1961 som følgje av usemja mellom Folkerepublikken Kina og Sovjetunionen etter at Sovjetunionen hadde fordømt Stalin og gjennomgått ei avstalinisering.
Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
|