Tadmur




Koordinatar: 34°33′36″N 38°16′2″E


















































Tadmur

تدمر
by

City of Tadmor, Syria.jpg

Den moderne byen Tadmur

Land

Flag of Syria.svg Syria

Guvernement

Homs

Distrikt

Tadmur

Nahiyah

Tadmur

Høgd
405 moh
Koordinatar

34°33′36″N 38°16′2″E

Folketal
51 323 (2004) [1]


Tidssone

EET (UTC+2)
Retningsnummer
31




Syria location map3.svg

Locator Red.svg




Wikimedia Commons: Tadmur


Tadmur (arabisk تدمر; òg skrive Tadmor, Tudmur; i antikken Palmyra) er ein by sentralt i Syria i Homs guvernement. Han ligg i ein oase midt i Den syriske ørkenen 215 km nordaust for Damaskus[2] og 180 km sørvest for Eufrat. Dei gamle ruinane av Palmyra ligg kring 500 meter sørvest for Tadmur.[3] Sjølv om han er relativt isolert er stader i nærleiken Arak i aust, al-Sukhnah lenger nordaust, Tiyas i vest og al-Qaryatayn i sørvest. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde Tadmur eit folketal på 51 323 i 2004.[1] Innbyggjarane vart registrert som sunnimuslimar i 1838.[4]



Økonomi |


Tadmur er den moderne busetnaden som ligg ved den antikke byen Palmyra, og utvikla seg like nord for dei gamle ruinane.[5] Den moderne byen er bygd etter eit rutemønster. Quwatligata er hovudgata og går frå aust til vest, og startar ved Saahat al-Ra'is-plassen vest i byen.[3] Byen er i dag base for turistar som vitjar ruinane.[5] Han har eit museum sørvest i byen.[3] Syria held ein årleg kulturfestival i Tadmur for å feire den antikke arva.[6]Palmyra lufthamn ligg ved Tadmur.


Tadmur er òg eit senter for fosfatutvinning og naturgassindustrien i Syria.[5] Den første fosfatgruva driven av staten vart grunnlagd nær Tadmur og produksjonen starta i 1971.[7] Arbeidet med å knyte fosfatgruvene i Tadmur til hamna i Tartus byrja i 1978.[8] I 1986 oppdaga landmålarar frå 1986 store jernmalmførekomstar i nærleiken av Tadmur.[9]



Kjelder |





  • Denne artikkelen bygger på «Tadmur» frå Wikipedia på engelsk, den 9. juni 2014.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:



  • Carter, Terry (2008). Syria and Libanon 3. Lonely Planet. ISBN 1741046092. 


  • Smith, Eli; Robinson, Edward (1841). Biblical Researches in Palestine, Mount Sinai and Arabia Petraea: A Journal of Travels in the Year 1838 3. Crocker and Brewster. 





  1. ↑ 1,01,1 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Homs guvernement. (arabisk)


  2. ↑ Syria uncovers 'largest church' BBC News Online, 14. november 2008. Henta 29. mars 2014.


  3. ↑ 3,03,13,2 Carter, s. 205.


  4. ↑ Smith, 1841, s. 174.


  5. ↑ 5,05,15,2 Knowles, 2006.


  6. ↑ Cavendish, s. 439.


  7. ↑ Federal Research Division, s. 169.


  8. ↑ Federal Research Division, s. 194.


  9. ↑ Federal Research Division, s. 170.








Popular posts from this blog

Guggisberg

Riksmekleren

Robin Clark