Benazir Bhutto
Benazir Bhutto urdu بینظیر بھٹو | |
| |
Statsminister i Pakistan | |
Regjeringstid | 2. desember 1988– 6. august 1990 18. juli 1993– 5. november 1996 |
---|---|
Parti | Pakistan People's Party |
Fødd | 21. juni 1953 i Karachi |
Fødestad | Karachi |
Død | 27. desember 2007 i Rawalpindi |
Dødsstad | Rawalpindi |
Mor | Nusrat Bhutto |
Far | Zulfikar Ali Bhutto |
Ektefelle | Asif Ali Zardari |
Barn | Bilawal
|
Medlem | Phi Beta Kappa |
Føregangar | Muhammad Khan Junejo Moin Qureshi |
Benazir Bhutto (21. juni 1953–27. desember 2007) var ein pakistansk politikar og tidlegare statsminister, den første valde regjeringsleiaren i eit muslimsk land etter kolonitida. Ho var statsminister i to periodar, 1988–1990 og 1993–1996. Ho blei drepen like etter at ho hadde halde ein tale under valkampen for det pakistanske parlamentsvalet 2008.
Benazir Bhutto var dotter av den avsette og avretta statsministeren Zulfikar Ali Bhutto og parlamentsrepresentanten Begum Nusrat Bhutto. Ho utdanna seg mellom anna ved Radcliffe og Harvard i USA og ved universitetet i Oxford i Storbritannia.
Etter at faren blei avsett i 1975 blei Bhutto sett i husarrest. Ho fekk løyve til å reisa til Storbritannia i 1984, der ho blei eksilleiar for Pakistan People's Party, partiet til den då avretta faren. Etter at militærdiktatoren Muhammad Zia-ul-Haq døydde drog ho tilbake til Pakistan som opposisjonsleiar.
16. november 1988, i det første frie valet på over eit tiår, fekk PPP flest sete i nasjonalforsamlinga. 2. desember blei 35-årige Benazir Bhutto teken i eid — den yngste personen og den første kvinna i ein muslimsk stat i moderne tid.
Bhutto blei avsett i 1993 og igjen i 1996 etter korrupsjonsskuldingar. I 2006 blei ho og mannen etterlyste for korrupsjon av Interpol.[1]
Frå 1999 til 2007 budde Benazir Bhutto i sjølvvalgt eksil i Storbritannia og Dei sameinte arabiske emirata. Hausten 2007 gjorde ho ein avtale med president Pervez Musharraf og kom tilbake til heimlandet den 18. oktober. Triumftoget hennar gjennom Karachi blei utsett for eit bombeåtak som drap over 100 personar, men ho sjølv blei ikkje skadd.[2]
Då Musharraf innførte unntakstilstand i november 2007 protesterte Bhutto, og planla store organiserte protestar mot regjeringa. 9. november 2007 blei ho sett i husarrest, men sleppt fri dagen etterpå.
27. desember 2007 vart Benazir Bhutto drepen då ho kom ut frå eit valmøte i Rawalpindi. Drapsmannen skaut mot henne då ho strekte seg ut av bilen for å vinka til tilhengjarane sine før han utløyste ei bombe som drap han og minst 16 i nærleiken. Bhutto blei frakta til sjukehus der ho seinare døydde. Drapet utløyste folkeuro fleire stader i Pakistan.[3]
Fotnotar |
↑ BBC: «Pakistan seeks arrest of Bhutto»
↑ Dagens Nyheter, 2007-10-19
↑ Ananova: «Bhutto killed by rally suicide bomb», BBC: «Benazir Bhutto killed in attack», «Bhutto death: How it happened»
|