Ikonografi
Ikonografi (frå gresk eikon, ‘bilde’ og grafi, ‘skrift’, ‘biletlære’) er evna til å forstå innhaldet i kunstverk. Det er eit eige fag innan kunsthistorie. Ikonografi tek for seg symbolske tydingar i kunst, til dømes attributtar (gjenstander), allegorisk tyding og motiv, og prøver lesa kva kunstverket seier om haldningane og tankane til kunstnaren og samfunnet rundt. Ikonografi blir også brukt i semiotikk, medievitskap og generelt om innhaldet i biletlege framstillingar.
Enkel ikonografi går ut på at ein kan kjenna att ein framstilt figur gjennom attributtane hans. Dette er formidling utan bruk av skrift, og dermed ei form for kommunikasjon som også folk som ikkje kan lesa kan ta del i. Slik ikonografi er vanleg i religiøs kunst, til dømes framstillingar av kristne figurar, hindugudar, buddhafigurar og liknande.
Sjå òg |
- Symbol i buddhismen
- Symbol i hinduismen
- Symbol i islam
- Symbol i jødedommen
- Symbol i kristendommen
Bakgrunnsstoff |
Kjelder |
«ikonografi» i Nynorskordboka.
«Ikonografi» i Store norske leksikon, snl.no.- Denne artikkelen bygger på «Iconography» frå Wikipedia på engelsk, den 8. april 2011.
Denne kunstartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.