Det pakistanske forsvaret

Soldatar frå det pakistanske militæret tek imot George W. Bush.
Det pakistanske militæret er ei forsvarsstyrke og ei politisk makt i Pakistan. Med rundt 619 000 personell i aktiv teneste er det pakistanske militæret det sjuande største i verda (2007). Om ein legg til dei 302 000 medlemmene i paramilitære styrkar og den pakistanske kystvakta har militæret nesten 1 million personell.
Menn og kvinner mellom 16 og 49 år kan bli med i militæret, som ikkje bygger på verneplikt.
Det pakistanske forsvaret er delt inn i
- Den pakistanske hæren
- Den pakistanske marinen
- Det pakistanske luftvåpenet
- Pakistanske paramilitære styrkar
- Den pakistanske kystvakta
- «National Command Authority», ansvarleg for rakettar og atomvåpen
Det pakistanske forsvaret har teke del i fleire væpna konfliktar med India. Det har også hatt mindre grensetrefningar med Afghanistan. Det har teke del i Midtausten-konflikten på arabisk side, og i den første Gulfkrigen på koalisjonssida. Forsvaret har også send SN-styrkar til land som Kongo, Liberia, Burundi, Elfenbeinskysten og Sudan.
Bakgrunnsstoff |
