Ikkjespreiingsavtalen
Ikkjespreiingsavtalen (engelsk Nuclear Non-Proliferation Treaty, også kalla NPT-avtalen) er ein internasjonal traktat om ikkje å spreia atomvåpen i verda. Han blei underskriven i London, Moskva og Washington 1. juli 1968, og blei verksam 5. mars 1970. Avtalen er underskriven av 189 suverene statar (2014).
Innhaldsliste
1 Innhald
2 Statar som har underteikna avtalen
3 Statar som ikkje har underskrive eller har trekt seg frå avtalen
4 Kjelder
5 Bakgrunnsstoff
Innhald |
Avtalen forbyr statar som har atomvåpen å overføra desse til land som ikkje har atomvåpen fra før. Atommaktene skal heller ikkje oppmuntre eller hjelpa andre land med å skaffa seg slike våpen.
For statar som ikkje har atomvåpen legg avtalen ned forbod mot å motta desse eller å framstilla dei. Statar utan atomvåpen skal inngå kontrollavtalar med Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) med ikkje-spreiing som mål. Elles skal medlemslanda hjelpa kvarandre med å nytta atomenergi til fredelege formål. Dei skal også forhandla seg fram til ein stopp på atomkappløpet, til atomnedrustning og til generell og fullstendig nedrusting.[1]
Statar som har underteikna avtalen |
|
|
|
Statar som ikkje har underskrive eller har trekt seg frå avtalen |
Nord-Korea (underteikna 1985, men trekte seg frå avtalen i 2003).
Israel (har aldri underteikna avtalen)
India (har aldri underteikna avtalen)
Pakistan (har aldri underteikna avtalen)
Kjelder |
↑ Dirk Roland Haupt: Förhandla om kärnvapennedrustning - Skyldighet enligt 1968 års icke-spridningsfördrag; i: Kungliga Krigsvetenskapsakademiens Handlingar och Tidskrift, 219:e årgången (2015), andra häftet, sid 114-130 (på svensk)
«Ikkespredningsavtalen», fn.no
- Denne artikkelen bygger på «Ikkespredningsavtalen» frå Wikipedia på bokmål, den 23. november 2014.
Bakgrunnsstoff |
- Ikkjespreiingsavtalen på norsk
«- Dette kom overraskende» (artikkel om den nordkoreanske prøvesprenginga i 2006), Dagbladet
|