Aten


















































Aten

Akropolis i Aten
Akropolis i Aten
Plassering




Aten is located in Hellas









Styresmakter
Land
Periferi
Periferieining

Hellas Hellas
Attikí
Sentral-Aten
Grunnlagd
2000-talet fvt.
Geografi
Flatevidd
 - By
 - Storbyområde


38,964 km²
411,717 km²
Innbyggjarar
 - By (2011[1])
   - folketettleik
 - Storbyområde


664 046
  17 042,6/km²
3 090 508
Koordinatar

37°58′00″N 23°43′00″EKoordinatar: 37°58′00″N 23°43′00″E
Høgd over havet
70-338 m
Diverse annan informasjon
Postnummer
10x xx, 11x xx, 120 xx
Telefon-retningsnummer
21
Bilnummer
Yxx, Zxx, Ixx (men ikkje INx)

Heimeside: www.cityofathens.gr

Aten, eller Athen, gresk Athína (Αθήνα), er hovudstaden i Hellas, og ligg sørvest i landet. Byen er den største i Hellas med om lag 2 650 000 innbyggjarar i byområdet, medan storbyområdet (Athen og Pireus) har rundt 3 100 000 innbyggjarar. Folketalet har vakse kraftig i dei siste tiåra, og Aten er prega av trafikkproblem og luftureining. I dag er den greske hovudstaden det 8. største storbyområdet i Europa. Storbyområdet er eit økonomisk, industrielt, politisk og kulturelt senter i Hellas. Byen er òg vorte eit handelssenter i EU. Sjølve byen har eit areal på 39 km², medan storbyområdet har eit areal på 412 km².


Aten var eit senter for kunst, kunnskap og filosofi, heimstad for Platon sitt akademi og Aristoteles sitt Lykeion. Aten var òg fødestad for Sokrates, Perikles, Sofokles og mange andre framståande filosofar, forfattarar og politikarar i antikken. Ofte vert byen kalla vogga til den vestlege siviliasjonen[2] og fødestaden til demokratiet,[3] hovudsakleg på grunn av det atenarane oppnådde kulturelt og politisk på 400- og 300-talet f.Kr.[4]


Arva frå antikken er framleis godt synleg i byen, som ein kan sjå på dei mange antikke monumenta og kunstverka. Mest kjend av alle er Parthenon på Akropolis, som står som eit episk landemerke for den vestlege sivilisasjonen. Byen inneheld òg mange monument frå romersk og austeromersk tid.


Aten var vertsby for dei første moderne olympiske leikane i 1896, og 108 år seinare var dei igjen vertsby for sommar-OL.


Frå 2011 er Aten ein del av periferieininga Sentral-Aten i periferien Attikí.




Innhaldsliste






  • 1 Historie


  • 2 Plassering og infrastruktur


  • 3 Turistattraksjonar


  • 4 Infrastruktur


  • 5 Lokalstyre


  • 6 Bydelar


  • 7 Kjende personar frå Aten


  • 8 Kjelder


  • 9 Bakgrunnsstoff





Historie |




Utsikt over Aten frå Akropolis.





Hefaisteion


Dei eldste spora av menneske i Aten er frå yngre steinalder. I bronsealderen oppstod eit meir organisert samfunn, ein del av den mykenske palasskulturen. Etter denne kulturen fall omkring 1200 f.Kr. følgde den mørke tidsalderen (om lag 1200 til 900 f.Kr). Det er frå denne perioden ein del spor etter aktivitet i Aten, men det ser ikkje ut til å ha vore eit samfunn som var organisert i noko særleg grad.


Byen byrja å vekse rundt 900 f.Kr. Fram til omkring 640 f.Kr. var Aten eit kongedøme med ei aristokratisk styreform. Atenarane la under seg Attika i denne perioden. Medan alle greske bystatar hadde kontroll over eit område rundt sjølve byen, skil Aten seg ut med eit særs stort territorium. Under tyrannen Peisistratos byrja byen å markere seg som eit sentrum for kunsthandverk og arkitektur.


I 510 f.Kr. fekk motstandarane av tyranniet hjelp frå Sparta (i dag Spárti) til å endre styreforma. Det atenske demokratiet var eit direktedemokrati med ei rekkje særpreg.


Sidan 558 f.Kr. hadde persarane drive ein gradvis ekspansjon. Persiske styrkar kom til det greske fastlandet i 490 f.Kr.. I løpet av krigen vart Aten omleira, og måtte evakuerast to gonger, men i 479 f.Kr. vart persarane slått ved Plataiai, og gav opp forsøket på å erobre Hellas.


Aten hadde vorte den dominerande bystaten i Hellas, noko som skapte uro i Sparta. Krigane mellom dei enda til slutt med Aten sitt nederlag, og då Filip II av Makedonia ekspanderte inn i Hellas, hadde ikkje atenarane sjans til å stå imot. Byen var i hans kontroll, og son hans, Aleksander den store, styrkte denne kontrollen.


Aten haldt fram å vere ein viktig by òg i hellenistisk tid, men var ikkje lenger ein sjølvstendig stat. Byen vart leiande på kultur og utdanning, og dei filosofiske skulane tiltrekte seg studentar frå store delar av den greske verda - og etter kvart òg den romerske.


Hellas vart innlemma i Romarriket i 86 f.Kr.. Aten fekk enno mindre påverknad politisk sett, men vart viktig som utdanningssenter. Paulus reiste mellom anna til Aten for å forkynne kristendomen, og Hellas vart eit av dei første områda Romarriket som tok til seg den nye trua. Dette markerer byrjinga på slutten for Aten som utdanningssenter, men det var ikkje før under keisar Justinian, i 529 at det vart stengt.


Aten var i austromersk tid berre ein provinsby. Mange av kunstverka i byen vart flytta til Konstantinopel, og han vart plyndra fleire gonger utan å ha sjans til å stå imot. Frå 1204 til 1458 kjempa austromarane mot franske og italienske riddarar om kontroll over Aten og andre greske byar. Den franske La Roche-familien fekk tittelen Hertug av Aten. På 1300-talet herska katalanske og sicilianske adelsmenn i Aten.


Det osmanske riket erobra Aten i 1458. Dei gjorde mykje for å bevare dei antikke bygningane i byen, men nokre endringar vart gjort - Parthenon vart gjort om til moske. På 1600-talet gjekk venetianarane til åtak på byen, og i 1687 vart Parthenon øydelagd då ei kanonkule trefte eit ammunisjonslager i det gamle tempelet. Mykje av det som stod igjen etter stridane vart nytta som bygningsmateriale. Året etter sette tyrkarane byen i brann, og i 1778 bygde dei ein bymur av restar frå antikke monument.


Greske opprørarar erobra Aten i 1822 under den greske sjølvstendekrigen, men tyrkarane tok han tilbake i 1826. Dei haldt han til 1833, då dei måtte gje tapt for grekarane. Aten vart då hovudstad for Hellas. Byen var på det tidspunktet ikkje så mykje meir enn ei husklynge nedanfor Akropolis, der bydelen Plaka ligg i dag.



Plassering og infrastruktur |


Stor-Aten har eit folketal på om lag 3,1 millionar, nesten ein tredjedel av folketalet i heile Hellas. Byen voks sterkt etter den andre verdskrigen, særleg fram til om lag 1980. Dette har medført stor forureining, eit problem som i dei seinare åra har ført til store investeringar i infrastruktur. Spesielt mykje vart gjort etter 1996, då Aten vart tildelt dei olympiske sommarleikane i 2004. Mykje av midlane til dette kom frå EU. Forureininga vart òg verre på grunn av klimaet, då temperaturinversjonar fører til at utslepp vert liggande som eit lok over byen.


Byen ligg på den sentrale sletta i Attikí, som grensar til fire fjell: Egáleo i vest, Párnitha i nord, Pendéli i nordaust og Ymittós i aust. Mot sørvest ligg Saroniabukta. Aten dekkjer i dag heile sletta, og kan i liten grad vekse utover på grunn av desse naturlege grensene.


Grunnen er steinete, og det er lite dyrkbar mark. Byen sitt naturlege og historiske sentrum er Akropolis, og det er i dette området ein òg finn dei eldste spor etter menneske. Det moderne sentrumet er Syntagmaplassen (Grunnlovsplassen), der parlamentet ligg.


Hamnebyen Pireus var opphavleg ein eigen by, men har vore innlemma i Stor-Aten.



Turistattraksjonar |


Aten var eit turistmål allereie i antikken. Det er framleis dei antikke monumenta som trekk turistane. Forureininga og trafikkproblema som plagar byen gjer den elles ikkje til det ideelle reisemålet. Mykje har vorte gjort for å betre på dette, mellom anna ein kraftig opprusting av området rundt Akropolis. Store delar av området er no sperra for biltrafikk, noko som òg gjev litt meir vern mot forvitring av marmoren.




Akropolis med Parthenon, tempelet til Atene.


Akropolis med Parthenon, Erekhteion og andre klassiske bygningar er dei viktigaste turistmåla. Rett utanfor inngangen ligg Areopagos, høgda der Folkedomstolen haldt til. Ved trappa opp på denne høgda står ei bronseplate med utdrag frå Apostelgjerningane til minne om Paulus si forkynning i Aten.


Nedanfor Akropolis ligg Atens agora, som var torget i antikken. Dette er i dag eit arkeologisk utgravningsområde. På eit høgdedrag over agoraen ligg Hefaisteion, som vert rekna det best bevarte doriske tempelet i verda.


I nærleiken av Syntagmaplassen ligg Kallimarmaro stadion. Denne idrettsarenaen er frå antikken, og er særs grundig rekonstruert med tribunar i marmor etter dei originale måla. Det er plass til omkring 60 000 tilskodarar. Han har ei anna form enn den ein kan sjå på moderne anlegg - langsidene er langt lengre i forhold til kortsidene. Han vart nytta som hovudarena i dei første moderne olympiske leikane i 1896, men er i dag ikkje egna fordi utøvarane ikkje er vand til dei krappe svingane. Han vart i sommar-OL 2004 derfor berre nytta til avslutninga av maratonøvinga.


Det største museet i Aten er Det nasjonale arkeologiske museet. Her finn ein den største samlinga i verda av antikk gresk kunst. Andre populære museum er Benakimuseet og museet for kykladisk kunst.


Utanom dei antikke leivningane er Plaka den mest populære bydelen. Her finn ein Aten sitt vidkjende loppemarknad, og eit mylder av småbutikkar i dei tronge gatene. Mange av gatene er stengd for biltrafikk. Bydelen Psirri er populær for sine mange utestader.


Ein ny attraksjon i Aten er arenaene etter sommar-OL 2004.



Infrastruktur |


Aten har lenge hatt eit metrosystem, med ei linje frå byen til Pireus. Metroen har vorte sterkt opprusta og fekk to nye linjer i samband med OL. Som i andre antikke byar har dette vore eit vanskeleg og dyrt arbeid, då ein heile tida støyter på leivningar av antikke bygningar. Ei av linjene går til flyplassen. I tillegg til metro er det både buss og trikk.


Eleftherios Venizelos lufthamn opna for trafikk i mars 2001. Denne erstatta den gamle Ellinikon lufthamn.


Det går motorvegar nordover mot Thessaloníki og vestover mot Korint. Sistnemnde held fram vidare både til Trípoli og Pátra.



Lokalstyre |




Plasseringa av kommunen Aten i periferien Attikí


Stor-Aten omfattar i dag 40 kommunar,[5] fordelt på 35 i dei fire periferieiningane Sentral-Aten. Nord-Aten, Vest-Aten og Sør-Aten og fem i periferieininga Pireus. Den største er Aten kommune (gresk Δήμος Αθηναίων, Dímos Athinéon) i periferieininga Sentral-Aten, med omkring 664 000 innbyggjarar.[1] Den nest største er hamnebyen Pireus. Kvar av kommunane har ei vald rådsforsamling og ein borgarmeister.



Bydelar |


Bydelane i byområdet til Aten er:















































































































































































































































































































Bydel Kommune Perifereieining Folketal 2011[1]
Aten Aten Sentral-Aten 664 046
Peristéri Peristéri Vest-Aten 139 981
Kallithéa Kallithéa Sør-Aten 100 641
Glyfáda Glyfáda Sør-Aten 87 305
Ílio Ílio Vest-Aten 84 793
Ilioúpoli Ilioúpoli Sentral-Aten 78 153
Khalándri Khalándri Nord-Aten 74 192
Néa Smýrni Néa Smýrni Sør-Aten 73 076
Maroúsi Maroúsi Nord-Aten 72 333
Ájos Dimítrios Ájos Dimítrios Sør-Aten 71 294
Zográfou Zográfou Sentral-Aten 71 026
Egáleo Egáleo Vest-Aten 69 946
Néa Ionía Néa Ionía Nord-Aten 67 134
Paleó Fáliro Paleó Fáliro Sør-Aten 64 021
Výronas Výronas Sentral-Aten 61 308
Ajía Paraskeví Ajía Paraskeví Nord-Aten 59 704
Galátsi Galátsi Sentral-Aten 59 345
Petroúpoli Petroúpoli Vest-Aten 58 979
Iráklio Iráklio Nord-Aten 49 642
Kifisiá Kifisiá Nord-Aten 47 332
Khaidári Khaidári Vest-Aten 45 642
Álimos Álimos Sør-Aten 41 720
Áji Anárjyri Áji Anárjyri-Kamateró Vest-Aten 34 168
Arjyroúpoli Ellinikó-Arjyroúpoli Sør-Aten 34 097
Kholargós Papágou-Kholargós Nord-Aten 30 840
Vrilíssia Vrilíssia Nord-Aten 30 741
Metamórfosi Metamórfosi Nord-Aten 29 891
Kamateró Áji Anárjyri-Kamateró Vest-Aten 28 361
Kesarianí Kesarianí Sentral-Aten 26 370
Néa Filadélfia Filadélfia-Khalkidóna Sentral-Aten 25 734
Ajía Varvára Ajía Varvára Vest-Aten 25 550
Moskháto Moskháto-Távros Sør-Aten 25 441
Dáfni Dáfni-Ymittós Sentral-Aten 22 913
Melíssia Pendéli Nord-Aten 22 741
Pévki Lykóvrysi-Pévki Nord-Aten 21 415
Néa Erythréa Kifisiá Nord-Aten 18 038
Ellinikó Ellinikó-Arjyroúpoli Sør-Aten 17 259
Távros Moskháto-Távros Sør-Aten 14 972
Papágou Papágou-Kholargós Nord-Aten 13 699
Ymittós i Aten Dáfni-Ymittós Sentral-Aten 10 715
Néo Psykhikó Filothéi-Psykhikó Nord-Aten 10 137
Néa Khalkidóna Filadélfia-Khalkidóna Sentral-Aten 9 822
Lykóvrysi Lykóvrysi-Pévki Nord-Aten 9 738
Psykhikó Filothéi-Psykhikó Nord-Aten 9 529
Filothéi Filothéi-Psykhikó Nord-Aten 7 302
Néa Pendéli Pendéli Nord-Aten 7 198
Ekáli Kifisiá Nord-Aten 5 889
Pendéli Pendéli Nord-Aten 4 851
Skaramagás Khaidári Vest-Aten 1 255


Kjende personar frå Aten |



  • Kong Konstantin II av Hellas

  • Dronning Sofia av Spania



Kjelder |





  1. 1,01,11,2 Folketeljing 2011, revidert


  2. Athens Info Guide: History of Athens


  3. BBC History on Greek Democracy


  4. Encarta: Ancient Greece


  5. Kallikratis-reforma




Bakgrunnsstoff |
















































Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

Hudsonelva