Frankfurt am Main




Sjå òg Frankfurt an der Oder

























































Frankfurt am Main

Skyline Frankfurt am Main.jpg


Byvåpen

Plassering

Byvåpenet til Frankfurt am Main




Frankfurt am Main is located in Tyskland









Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis

Tyskland Tyskland
Hessen
Darmstadt
Kreisfri by
Grunnlagd

1. århundret
Geografi
Flatevidd
 - By


248,31 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2008-03-31)
   - folketettleik
 - Storbyområde


670 095
  2 666/km²
5 800 000
Koordinatar

50°06′37″N 08°40′56″EKoordinatar: 50°06′37″N 08°40′56″E
Høgd over havet
112 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer
60001-60599, 65901-65936
Telefon-retningsnummer
069, 06109, 06101
Bilnummer
F

Heimeside: www.frankfurt.de

Frankfurt am Main er ein by ved elva Main i Tyskland og den største byen i delstaten Hessen og den femte største i landet. Han har eit innbyggjartal på litt over 670 000, men det urbane området går langt ut over bygrensene, og sjølve storbyområdet har nesten 6 millionar innbyggjarar. Dette er det nest største storbyområdet i Tyskland.


Frankfurt er eit senter for økonomi og transport i Tyskland. Her ligg mellom anna Den europeiske sentralbanken, Frankfurt-børsen og er i lag med Paris ein av dei to største finansmetropolane i Europa. I følgje Liverpool University var Frankfurt den rikaste byen i EU i 2001 målt etter BNP per innbyggjar.[1]


Vanlegvis vert byen berre kalla Frankfurt, sjølv om tyskarane stundom brukar det fulle namnet for å skilje han frå den mykje mindre byen Frankfurt an der Oder i Brandenburg.




Innhaldsliste






  • 1 Finansbyen


  • 2 Kulturbyen


  • 3 Historie


  • 4 Fødde i Frankfurt


  • 5 Kjelder


  • 6 Bakgrunnsstoff





Finansbyen |




Hovudkontoret til Deutsche Bank i Frankfurt.
Foto: Raimond Spekking



Frankfurt er ein stor finansmetropol i Europa. Den europeiske sentralbanken, Frankfurt-børsen, en av verdens største børser, og den tyske sentralbanken Bundesbank ligg her. Det same er hovudkontora til storbankane Deutsche Bank, Dresdner Bank og Commerzbank. Frankfurt er derfor også kjent som Bankfurt, eller som Mainhatten på grunn av av dei mange skyskraparane i byen. Den høgaste skyskraparen, i tillegg til åtte av dei ti høgaste i Europa, finst her.



Kulturbyen |


Frankfurt er verdas største forlagsby. Verdas viktigaste bokmesse, Frankfurter Buchmesse, blir halden her kvart år. Ho blei arrangert for første gong i 1478



Historie |





Panorama over Frankfurt i 1658.


Namnet Frankfurt er avleia frå den germanske stammen frankarane, og var opphavleg Franconofurt. Namnet blir først nemnt i 794, då Karl den Store haldt ei riksforsamling her. I det tysk-romerske riket var Frankfurt ein av dei viktigaste byane. Frankfurter Messe blir nemnt for første gong i 1150. I 1240 gav keisar Friedrich II vitjande til byen keisarleg vern. Frankfurt blei ein riksby, direkte underlagt keisaren, i 1372.


Frå 855 blei dei tyske kongane og romerske keisarane valde i Frankfurt. Frå 1562 blei dei òg krona i Frankfurt, med Maximilian II som den første. Tradisjonen tok slutt etter 1792, då Franz II blei valt som den siste tysk-romerske keisaren.


Ein av dei travlaste flyplassane i europa er Frankfurt Flughafen som ligg rett utanfor byen.



Fødde i Frankfurt |




  • 823, 13. juni, Karl II, tysk-romersk keisar


  • 1743, 23. februar, Mayer Amschel Rothschild, finansmann


  • 1749, 28. august, Johann Wolfgang von Goethe, forfattar


  • 1779, 21. februar, Carl von Savigny, romantisk rettsteoretikar


  • 1785, 4. april, Bettina von Arnim, forfattar


  • 1879, 8. mars, Otto Hahn, kjemikar, atomfysikar og nobelprisvinnar


  • 1898, 26. juni, Willy Messerschmitt, flykonstruktør


  • 1900, 23. mars, Erich Fromm, psykolog


  • 1903, 11. september, Theodor W. Adorno, filosof og sosiolog


  • 1929, 12. juni, Anne Frank, jødisk holocaust-offer og dagbokskrivar


  • 1958, 24. mars, Roland Koch, statsminister i Hessen (1999-)



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Frankfurt am Main» frå Wikipedia på engelsk, og «Frankfurt am Main» frå Wikipedia på bokmål den 14. juni 2007.





  1. Europe's 61 richest cities




Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Frankfurt am Main


Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Frankfurt frå Wikivoyage





Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

Hudsonelva