Karelia




















































Республика Карелия
Karjalan tazavaldu
 












Karelia sitt flagg


Karelia sitt våpen

Karelia sitt flagg
Karelia sitt våpen




Karelia på kartet over Russland



Hovudstad

Petrozavodsk

Areal

- Totalt

- % vatn


Rangering: 21.

172 400 km²

18



Innbyggjartal

- totalt

- folketettleik


Rangering: 67.

ca. 645 200[1] (2010)

ca. 3,74/km²



Føderalt distrikt
Nordvestlege

Økonomisk region
Nordlege

Regionsnummer
10

Offisielt språk

Russisk

President

Aleksandr Hudilainen

Nasjonalsong
Republikken Karelias hymne (Gimn Respubliki Karelija), (Karjalan Tasavallan hymni)

Tidssone

UTC +0300

Karelia, (russisk språk: Респубилка Карелия (Respublika Karelija), karelsk språk: Karjalan tazavaldu, finsk språk: Karjalan tasavalta, vepsisk språk: Karjalan tazovaldkund) er ein russisk republikk nordvest i Russland. Karelia er ei føderal eining i den russiske føderasjonen. Republikken Karelia er den austlege delen av det historiske landskapet Karelen, og vert nokre gonger kalla Aust-Karelen.




Innhaldsliste






  • 1 Geografi


  • 2 Folkesetnad


  • 3 Historie


  • 4 Fotnotar


  • 5 Bakgrunnsstoff





Geografi |




Landsbyen Vuokkiniemi i republikken Karelia


Republikken ligg nordvest i Russland, og grensar til Finland i vest. I nordaust han han kystline til Kvitsjøen. I aust ligg innsjøen Onega, og i sør Ladoga, den største innsjøen i Europa. Det høgaste punktet er fjellet Manselkja, 580 meter over havet. Ved kysten til Kvitsjøen er det mange bukter og vikar. Det finst mange sjøar, elvar og myrar i republikken. Dei største elvane er Kem, Vyg, Keret, Vodla, Suna og Sjuja. Desse elvane er relativt korte, men har stor vassføring, og mange fossar og stryk. Heile 18 % av territoriet til republikken består av innsjøar, hovudsakleg delar av dei store innsjøane Onega og Ladoga. Myrarealet utgjer òg om lag 18 %. Om lag halvparten av flatevidda er skogkledd. Middeltemperaturen i januar er - 12 grader celsius, i juli 15 grader celsius.


Det karelske neset, som vart avstått av Finland til Sovjetunionen i 1940, høyrer ikkje til republikken Karelen, men han omfattar andre område som òg vart avstått av Finland då.



Folkesetnad |


I 2010 var den etniske samansetjinga av folkesetnaden:[1]




  • Russarar - 78,9 %


  • Karelarar - 7,1 %


  • Kviterussarar - 3,6 %


  • Ukrainarar - 2,0%


  • Finnar - 1,3 %


  • Vepsarar - 0,5 %



Historie |


I mellomalderen låg Karelen i utkanten av innflytelsessfæren til fyrstedømet Novgorod. På 1200-talet kom delar av området under svensk kontroll. I 1478 vart Novgorod underlagd fyrstedømet Moskva, førelauparen til det russiske imperiet, og Karelen vart svensk-russisk grenseland. I 1784 vart Petrozavodsk sentrum for ein eigen russisk provins.


Under den russiske revolusjonen tok bolsjevikane kontroll over området i april 1918, men den same sumaren kom dei nordlege delane under kontroll av utanlandske intervensjonsstyrkar, frå Finland, USA, Storbritannia og Frankrike. Intervensjonsstyrkane trekte seg ut i 1920 og området kom igjen under sovjetisk kontroll.


Den 25. juli 1923 vart Den karelske autonome sovjetrepublikken oppretta, underlagd Den russiske føderasjonen.
Etter Vinterkrigen, den 31. mars 1940, vart Karelen ein eigen sovjetrepublikk Den karelsk-finske sosialistiske sovjetrepublikken (finsk Karjalais-Suomalainen Sosialistinen neuvostotasavalta). Det karelske neset vart innlemma i denne republikken. Under den andre verdskrigen vart store delar av republikken okkupert av Finland, i det som vert kalla den finske framhaldskrigen. Etter krigen vart Det karelske neset overført til Leningrad oblast. Karelia hadde status som sovjetrepublikk til den 16. juli 1956, då han vart innlemma i Den russiske føderasjonen att som ein autonom republikk, og ordet "finsk" vart fjerna frå namnet.


Frå 1991 er republikken Karelia eit føderasjonssubjekt i Den russiske føderasjonen.



Fotnotar |




  1. 1,01,1 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010



Bakgrunnsstoff |




  • Republikken sine offisielle heimesider på russisk, engelsk og finsk


  • Kommersant artikkel på engelsk




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Karelia














Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.




Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

Hudsonelva