Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker
Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker er ein norsk sjølvstendig statleg etat som undersøkjer og avgjer om ein straffedømt person skal få si sak behandla på nytt i retten. Domfelte personar med ein rettskraftig dom kan søkje kommisjonen om atteropptaking. Kommisjonen foretek ei utgreing av sakens rettslege og faktiske sider og har mynde til å innkalle vitner til avhøyr, gje utleveringspålegg, halda muntlige høyringar og oppnemne sakkyndige. Den kan også fremja spørsmål til retten om personundersøking og bruk av tvangsmidlar. Føremålet med opprettinga er å avsløre justismord. Gjenopptakelseskommisjonen vart oppretta ved revisjon av straffeprosesslovas kap. 27. Lovendringa treddei kraft frå 1. januar 2004.