Peder Anker
Peder Anker | |
Fødd | 8. desember 1749 Kristiania |
---|---|
Død | 10. desember 1824 (75 år) Bogstad i Kristiania |
Yrke | godseigar og politikar |
Verv | Noregs statsminister i Stockholm |
- periode | 18. november 1814 til 1. juli 1822 |
- etterfylgjar | Mathias Sommerhielm |
Peder Anker (8. desember 1749–10. desember 1824) var ein norsk godseigar, embetsmann og statsmann, Norges første statsminister frå 18. november 1814 til 1. juli 1822.
Innhaldsliste
1 Liv og gjerning
2 Referansar
3 Litteratur
3.1 Kjelde
4 Bakgrunnsstoff
Liv og gjerning |
Anker var fødd i Christiania. Han studerte ved universitetet i København i to år. Deretter var han og brørne og to syskjeborn i utlandet i fem år. Heim kom han i 1767. I 1773 kjøpte han storgarden Bogstad gard med skogar og sagbruk. Seinare kjøpte han opp skogeigedomar nord og vest for Randsfjorden. År 1791 erverva han Bærum jernverk og skogane som høyrde verket til. Anker kjøpte i 1820 både Moss Jernverk og Hakadal jernverk.
I 1788 vart Anker utnemnd til titulær generalkrigskommissær og var medlem av feltkommissariatet under felttoget i Sverige. 30. januar 1789 vart han generalvegintendant i Akershus stift. Gjennom den posisjonen leia han størstedelen av dåtidas vegbygging i Noreg. Saman med generalvegmeistrane N. F. Krohg og G. A. Krogh la Anker hovudlinjene for det norske vegnettet. Innan utgangen av 1700-talet var den trondhjemske hovudveg over Gudbrandsdalen istandsett etter skadane etter Storofsen i 1789. Hovudvegen frå Christiania til vestlandet, hovudvegen til Svinesund og den bergenske hovedveg over Valdres var dei store årane i vegnettet som låg fullt utbygde omkring 1800.
Anker kosta Vækerøvegen frå Bogstad til utskipingshamna Vækerø ved Bestumkilen og byrja bygge køyreveg vidare nordover gjennom Sørkedalen. I 1807 sette han i gang bygginga av anlegget Kjerraten i Åsa (tysk: Kehrrad, 'vendehjul'), eit mekanisk system med kjettingar og vasshjul for å frakte tømmer frå Steinsfjorden på Ringerike opp åssida til Damtjern og Storflåtan på Krokskogen for vidare fløyting ned Sørkedalsvassdraget.
Anker vart 1809 slegen til riddar, seinare til kommandør og i 1812 til kommandør med storkors av Dannebrog. I krigsåra frå 1807 stod han prins Kristian August nær og fekk kontakt med svenske politikarar gjennom svigersonen Herman Wedel Jarlsberg.
Anker var ein av dei sentrale aktørane i samband dei politiske omveltningane i 1814, særleg gjennom svigersonen Wedel. Då Christian Magnus Falsen etter Kielfreden på eige initiativ laga utkast til ny grunnlov, var Anker den første han la utkastet fram for.[2] Anker deltok han på «notabelmøtet» på Eidsvoll 16. februar. Det var Ankers søskenbarn Carsten Anker som åtte Eidsvollsbygningen. Ved vala til riksforsamlinga vart han 1. representant for Akershus amt og vart forsamlinga første president, 10.-18. april. På Eidsvoll høyrde han til unionspartiet, men spela inga framståande rolle. Ved valet til det overordentlege storting 1814 nådde han ikkje opp, vart 2. suppleant.
18. november 1814 vart Anker utnemnd av Karl Johan til statsminister og sjef for den norske statsrådsavdelinga i Stockholm. Han inntok aldri noko leiande stilling i regjeringa, men verka som meklar mellom kongemakta og finansministeren, grev Wedel, når desse var usamde. Då Wedel gjekk ut av regjeringa, søkte også Anker avskjed, og han gjekk av 1. juli 1822. Han flytta då tilbake til Bogstad der han budde til han døydde.
Referansar |
↑ Portrettgruppe frå DigitaltMuseum
↑ Klassekampen 4. juni 2013 s.21.
Litteratur |
- Frydenlund, Bård:Stormannen Peder Anker, Aschehoug (2009) ISBN 9788203210846
Kjelde |
Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Bakgrunnsstoff |
Biografisk informasjon om Peder Anker NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
Noreg i 1814 | |
---|---|
Historisk bakgrunn | Napoleonskrigane · Danmark-Noreg · Einevelde · Kielfreden |
Internasjonale hovudpersonar | Fredrik VI · Karl III Johan · Kristian Fredrik · Napoléon Bonaparte |
Stormannsmøtet på Eidsvoll | Carsten Anker · Peder Anker · Peter Anker · C.D.A. Arenfeldt · Frederik Bech · Christopher Bergh · Ludvig Frederik Brock · Kristian Fredrik · Jonas Collett · Hans Hagerup Falbe · Johan Friedrich Wilhelm Haffner · Frederik Gottschalk von Haxthausen · Poul Christian Holst · Otto Lütken · Jacob Nielsen · Hans Henrik Rode · Marcus Gjøe Rosenkrantz · Johannes Klingenberg Sejersted · Mathias Sommerhielm · Georg Sverdrup · Carsten Tank · Niels Treschow |
Regjeringsrådet | Carsten Anker · Jonas Collett · Thomas Fasting · Frederik Gottschalk von Haxthausen · Diderich Hegermann · Poul Christian Holst · Carl Henrik Holten · Marcus Gjøe Rosenkrantz · Mathias Sommerhielm · Carsten Tank · Jørgen Herman Vogt · Niels Aall |
Eidsvollmennene | Ole Olsson Amundrød · Peder Anker · Ole Rasmussen Apeness · Peder Paulsen Balke · Claus Bendeke · Omund Bjørnsson Birkeland · Gustav Peter Blom · Sivert Pålsson Bratberg · Thomas Bryn · Didrich von Cappelen · Henrik Carstensen · Wilhelm F.K. Christie · Peder Jørgen Clouman · Johan Collett · Carl Dahl · Jacob Darre · Christian Adolph Diriks · Niels Dyhren · Syvert Omundsson Eeg · Just Henrik Ely · Jens Erichstrup · Petter Johnsen Ertzgaard · Ole Olsen Evenstad · Jens Fabricius · Christian Magnus Falsen · Palle Fleischer · Richard Floer · Lars Larssen Forsæth · Helmer Gjedeboe · Brynjel Andersson Gjerdåker · Hans Jacob Grøgaard · Anders Hanssen Grønneberg · Pål Torsson Harildstad · Hans Haslum · Diderich Hegermann · Andreas Michael Heiberg · Frederik Heidmann · Iver Magnussen Hesselberg · Hieronymus Heyerdahl · Peder Pedersson Hjermann · Kristoffer Borgersson Hoen · Ole Holck · Christian Horneman · Peter Hount · Talleiv Olavsson Huvestad · Enevold Høyum · Ole Svensson Iglerød · Lars Johannes Irgens · Georg Jersin · Peder Johnsen · Erik Haagensen Jaabæk · Andreas Kiønig · Christian Christensen Kollerud · Thomas Konow · Arnoldus Koren · Hilmar Meincke Krohg · Even Torkildsson Lande · Jacob Erik Lange · Thor Reiersen Lilleholt · Nils Johannesson Loftesnes · Gabriel Lund · Teis Lundegaard · Osmund Andersson Lømsland · Anders Lysgaard · Severin Løvenskiold · Zacharias Melleby · Frederik Meltzer · Hans Midelfart · John Moses · Frederik Motzfeldt · Peter Motzfeldt · Christen Mølbach · Alexander Møller · Ole Mørch · Nicolai Nielsen · Hans Hein Nysom · Christopher Omsen · Daniel Frederik Petersen · Peter Blankenborg Prydz · Anders Rambech · Eilert Ramm · Asgaut Olsson Regelstad · Jonas Rein · Andreas Rogert · Jens Rolfsen · Peder Rosenkilde · Gullik Madssen Rød · Nicolai Scheitlie · Frederik Schmidt · Peter Schmidt · Arild Sibbern · Valentin Sibbern · Daniel Larsson Skjevik · Hans Stabel · Frederik Wilhelm Stabell · Paul Steenstrup · Carl Stoltenberg · Jens Stub · Georg Sverdrup · John Hansen Sørbrøden · Even Thorsen · Olav Knutsson Tveiten · Elling Olsson Valbø · Helge Ellingsen Waagaard · Georg Wasmuth · Herman Wedel-Jarlsberg · Laurits Weidemann · Nicolai Wergeland · Gregers Wulfsberg · Jacob Aall · Jørgen Aall |
Andre personar | Johan Gunder Adler · Magnus Björnstjerna · Edmund Bourke · Peder Bugge · Ole Detlevsen · Christian Emanuel Fischer · Nils Christian Frederik Hals · Johan Caspar Krogh · Mathias Bonsak Krogh · Claus Pavels · Hans H. Rode · Carl von Schmettow · Anders Fredrik Skjöldebrand · Nicolai Emanuel de Thygeson |
Hendingar | Bankmøtet · Regjeringsrådet/statsrådet i 1814 · Stormannsmøtet på Eidsvoll · Riksforsamlinga på Eidsvoll · Medlemmer av Riksforsamlinga på Eidsvoll · Sjølvstendepartiet · Unionspartiet · Krigen med Sverige · Slaget ved Langnes skanse · Stortinget i 1814 · Stortingsrepresentantar 1814 |
Lovverk | Den norske grunnlova · Jødeparagrafen · Mossekonvensjonen · Novembergrunnlova |
Plassar | Eidsvollsbygningen · Eidsvoll 1814 · Moss Jernverk · Konvensjonsgarden · Spydeberg prestegard |
Anna | Lærdalsferda · Eidsvollgarantien · Einige og tru til Dovre fell · Måleriet Eidsvold 1814 · Grunnlovsjubileet i Noreg i 2014 · Valkyrkje · Quodlibet |
Norske statsministrar i Stockholm 1814–1905 | |
---|---|
Peder Anker (1814–22) · Mathias Sommerhielm (1822–27) · Poul Christian Holst (1827) · Jørgen Herman Vogt (1827–28) · Severin Løvenskiold (1828–41) · Frederik Due (1841–58) · Georg Sibbern (1858–71) · Otto Richard Kierulf (1871–84) · Wolfgang Wenzel Haffner (1884) · Carl Otto Løvenskiold (1884) · Ole Richter (1884–88) · Jacob Stang (1888–89) · Gregers Gram (1889–91) · Otto Albert Blehr (1891–93) · Gram (1893–98) · Blehr (1898–1902) · Ole Anton Qvam (1902–03) · Sigurd Ibsen (1903–05) · Jørgen Løvland (1905) |
|