Det Kgl. Selskap for Norges Vel




Det Kgl. Selskap for Norges Vel (kortform Norges Vel) vart oppretta i 29. desember 1809 for å fremje lokalt utviklingsarbeid i Noreg. Initiativtakarane var blant andre biskop Frederik Julius Bech, Jacob Rosted, assessor Peter Collett og grev Wedel-Jarlsberg. Alt i 1810 tok selskapet initiativet til pengeinnsamling til støtte for eit norsk universitet i Christiania. Seinare brukte Henrik Wergeland selskapet i arbeidet for å fremje folkeopplysing.


Norges Vel har i dag til formål å arbeide for utvikling av livskraftige lokalsamfunn. Medlemmene er organisasjonar og einskildpersonar, i hovudsak med tilknyting til landbruk, husflid og andre bygdenæringar.


Organisasjonen deler ut Medaljen for lang og tro tjeneste og enkelte andre heidersteikn. Norges Vel forvaltar òg legat; bl.a. eit eige utdanningslegat, eit landbrukslegat og eit kultur- og miljølegat.


Organisasjonen, som har nær 40 tilsette, har hovudkontoret på Hellerud i Skedsmo kommune nord for Oslo. Dei har òg avdelingskontor i Bergen og i Levanger, samt eigne landkontor i Tanzania, Kosovo, Makedonia og Guatemala.



Bakgrunnsstoff |


  • Norges Vel




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Olav Thon