Narkotika




Narkotika er ei nemning som i Noreg vert brukt særleg på stoff som står på den norske narkotikalista, men også stundom på andre narkotiske stoff. Stoffa påverkar kroppen på ulike måtar. Narkotika kan ha medisinsk bruk, eller kan misbrukast som rusmiddel. Narkotika er fleirtal av narkotikum som kjem frå gresk narkotikos. Det tyder eigentleg som gjer stiv/nummen. Den konkrete tydinga kan vera forvirrande og det er ikkje alltid heilt lett å vita om eit stoff er narkotika eller ikkje. Medan ordet narkotika etymologisk siktar til søvninduserande, smertestillande og avslappande middel, reknar ein i dag mange andre stoff som narkotika. Nemninga omfattar vanlegvis dei fleste sokalla psykoaktive stoff med unnatak av alkohol, koffein og nikotin. I den engelskspråklege verda er narcotics i medisinsk samanheng som regel brukt om opioida.


«Narkotikalista» – eit oversyn utarbeidd av Helsetilsynet over stoff og preparat som i fylgje § 2[1] vert rekna som narkotika. Men ikkje alle narkotiske stoff står der. Det sterkt hallusinogene stoffet ibogain er eit døme. Eit anna er muskimol som finst i raud flugesopp). Dermed kan ein person som brukar ordet sikta til stoff som sløvar og «dopar» ned, ein annan kan bruka narkotika om eit stoff som verkar sentralstimulerende og hallusinasjonsfremkallende, og ein tredje kan nytta ordet berre om stoff som er oppført på narkotikalista. Desse ulike definisjonsmåtane vert nytta om kvarandre og er medverkande årsak til at ein del folk snakkar forbi kvarandre i rusdebatten.


Narkotika kan delast inn i euforiserande stoff som hasj og marihuana, døyvande stoff som morfin og heroin, sentralstimulerande stoff som amfetamin og psykedeliske stoff som LSD og meskalin.


Ein del av stoffa har eit påvist potensiale til å framkalla psykisk og/eller fysisk avhenge og vil kunna gje abstinenssymptom om forbruket opphøyrer i ein periode. Visse stoff medfører toleranse, noko som tyder at det krevst større og større dosar for å fremkalla same verknad. Døme på eit slikt stoff er heroin.


Det er no ca. 200 stoff på den norske narkotikalista. Kva for stoff som skal stå på lista, er politisk grunngjeve og ikkje logisk kategorisert etter medisinsk effekt eller faremoment.[treng kjelde]




Innhaldsliste






  • 1 Narkotika


  • 2 Andre stoff som vert nytta som rusmiddel og/eller som ein kan verta avhengig av


  • 3 Referansar


  • 4 Bakgrunnsstoff





Narkotika |




Rangering av dei vanlegaste rusmidla. Publisert i The Lancet.



  • Amfetamin

  • DMT


  • Hasj/Marihuana

  • Heroin

  • Ibogain

  • Khat

  • Kokain

  • LSD


  • MDMA (Ecstasy)

  • Meskalin

  • Metadon

  • Morfin


  • Psilocybin («Psykedelisk sopp», f. eks. spiss fleinsopp)


  • Barbiturat (lækjemiddel mot angst, søvnproblem og epilepsi)


  • Benzodiazepin (lækjemiddel mot angst, søvnproblem og epilepsi)

  • Ketamin


  • Buprenorfin (opioid brukt mot opiatavhengnad)

  • Løysemiddel

  • 4-MTA

  • Methylphenidat

  • Anabole steroidar

  • GHB

  • Alkylnitrat

  • Cannabis


I 2008 er det ca 200 narkotika på den norske lista.



Andre stoff som vert nytta som rusmiddel og/eller som ein kan verta avhengig av |



  • Alkohol

  • Benzodiazepin

  • Jenkem

  • Kerosen

  • Koffein

  • Lystgass

  • Nikotin



Referansar |




  1. Narkotikalista



Bakgrunnsstoff |



  • Fakta om Narkotiske stoff pdf

  • Forskningsprosjekt om narkotika ved Statens institutt for rusmiddelforskning - SIRUS





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Olav Thon