Rättviks kommun

























































Rättviks kommun

kommune

Rättviks kommunhus.jpg






Kommunevåpen


Land

Flag of Sweden.svg Sverige

Len

Dalarnas län

Landskap

Dalarna


Centralort

Rättvik

Areal
2 149,09 km²
 - land
1 932,02 km²
 - vatn
217,07 km²

Folketal
10 883
Folketettleik

6 / km²





Rättvik Municipality in Dalarna County.png




Wikimedia Commons: Rättvik Municipality

Nettstad: www.rattvik.se


Rättviks kommun er ein kommune i Dalarnas län i Sverige. Kommunen grensar til fire andre kommunar i Dalarnas län. Desse er Falu kommun i søraust, Leksands kommun i sør, Mora kommun i sørvest og Orsa kommun i vest. I tillegg grensar han til to kommunar i Gävleborgs län, Ovanåkers kommun i aust og Ljusdals kommun i nord. Administrasjonssenteret i kommunen er Rättvik.


Rättvik er ein jord- og skogbrukskommune med eit kupert og skogkledd terreng. Ein finn treindustri i kommunen, i tillegg til at det er lange tradisjonar for kalkutvinning. Turisme er også ei viktig næring i kommunen.




Innhaldsliste






  • 1 Administrativ historikk


  • 2 Kommunevåpenet


  • 3 Tettstader


  • 4 Kjelder


  • 5 Fotnote





Administrativ historikk |


Boda landskommun braut 1. mai 1875 ut av Rättviks landskommun. I 1910 vart Rättviks municipalsamhälle oppretta. Ved kommunereforma i 1952 vart det ikkje gjort endringar i området, men i 1963 vart Boda sameina med Rättvik att og i 1966 vart municipalsamhället oppløyst. Rättviks kommun i si noverande form vart oppretta i 1974, då Ore vart innlemma.



Kommunevåpenet |


Blasonering: Firedelt skjold, felt 1 og 4 i raudt med ei ståande øks av gull, felt 2 og 3 i gull med to piler [i blått].[1]


Våpenet vart fastsett for Rättviks socken i 1948, bileta kjem frå eit soknsegl frå 1600-talet. Også landkommunane som gjekk inn i Rättviks kommun på byrjinga av 1970-talet hadde eigne heraldiske våpen. Det fanst dermed tre våpen etter kommunereforma på byrjinga av 1970-talet. Det var den namngjevande eininga sitt våpen som vart valt til kommunevåpen og registrert hjå Patent- och registreringsverket i 1979.



Tettstader |


Det er seks tettstader i Rättviks kommun.


Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.






































Nr. Tettstad Folketal
1. Rättvik 4 588
2. Vikarbyn 1 208
3. Boda 576
4. Furudal 449
5. Gulleråsen 365
6. Nedre Gärdsjö 248


Kjelder |



  • Artikkelen var opphavleg basert på ei omsetjing av «Rättviks kommun» på Wikipedia på svensk.

  • «Rättvik» på Store Norske Leksikon.



Fotnote |





  1. «Sköld kvadrerad: fält 1 och 4 i rött en stolpvis ställd bila av guld, fält 2 och 3 i guld två korslagda dalpilar.».














Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Olav Thon