Riksarkivet







































Riksarkivet
Norways national archive.jpg
Riksarkivets bygning i Oslo. Den same bygningen hyser òg Statsarkivet i Oslo.
Skipa
6. juni 1817[1]
Hovudkontor Sognsveien 221, Oslo
Riksarkivar Inga Bolstad
Verkeområde Noreg
Tilsette 178 (2014)[2]
Undergrupper 5 avdelingar
Eigarskap Arkivverket
Nettstad http://www.arkivverket.no/arkivverket/Arkivverket/Riksarkivet

Riksarkivet, som vart skipa i 1817, er den parten av Arkivverket som har ansvaret for arkiva frå den statlege sentraladministrasjonen, altså departementa og direktorata og tilsvarande organ, og dessutan arkiva etter Høgsterett. Viktige arkiv etter privatpersonar, og etter private verksemder og organisasjonar, tek Riksarkivet seg òg av.


Riksarkivet har lokale i ein bygning i nærleiken av Sognsvann stasjon på Sognsvannsbanen i Oslo, der det òg er underjordiske magasin, og er organisert i fem avdelingar: Bevarings- og tilsynsavdelingen, Depotavdelingen, Publikumsavdelingen, Administrasjonsavdelingen og It-avdelingen.


Alle kan vende seg til Riksarkivet for å få svar på spørsmål eller få løyst problem som arkivmaterialet kan bidra til, anten ved å møte opp personleg, eller ved å sende brev, telefaks, e-post, eller ved å take ein telefon. Riksarkivet stiller arkivmaterialet til rådvelde for gjennomlesing på lesesalen i bygningen, og har dessutan sal av bøker i ein eigen bokhandel og over internett.



Kjelder |





  1. Riksarkivets endringshistorie


  2. Talet på tilsette i følge Norsk samfunnsvitenskapelig datatjenestes forvaltningsdatabase





Bakgrunnsstoff |


  • Offisiell nettstad



Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Olav Thon