Machair






Machair på Berneray i Ytre Hebridane.


Machair eller machar er eit gælisk ord for ei frodig, lågtliggande grasslette på nordvestkysten av Irland og Skottland, særleg i Ytre Hebridane. Det finst to forskjellige typar.



  • Ei slags eng av sanddyner som vert dyrka og som dominerer i våte og vindfulle område.

  • Landområdet mellom ei strand og eit område der sand trenger inn i eit myrområde lenger inne i landet.




Machair på Berneray



Geologi |


I begge tilfelle er ein machair ei tidlegare strand som er løfta opp forbi stranda etter at havnivået har senka seg. Machairar er frodige fordi sanden er rik på skjel, stundom så mykje som 90 % skjel. Denne sanden bles innover land og nøytraliserer syrenivået i myrene og fører til frodige grassletter.



Økologi |


Machairar har ofte eit unikt økosystem. Dei kan huse sjeldne blomar som hønsegras, orkidear og engkall,[1] samt mange fuglartar som åkerrikse, bergirisk, strandvipe, raudstilk og sandlo, og fleire sjeldne insekt som ein spesiell bieart. Nokre machairar er truga av erosjon på grunn av stigande havnivå, samt av at strendene i nærleiken vert nytta av menneske.



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Machair» frå Wikipedia på engelsk, den 27. februar 2010.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:

    • Angus, S. (1997). The Outer Hebrides: the Shaping of the Islands". The White Horse Press. ISBN 1-874267-33-2






  1. Machair Profile











Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Olav Thon