Produktivitet
Produktivitet er eit økonomisk mål for produksjon i høve til innsats. Vanlegvis meiner ein gjennomsnittsproduktivitet, dvs. produktmengde per eining innsats av ein produksjonsfaktor. Med grenseproduktivitet er meint tilvekstraten for produktmengda ved variasjon av ei faktormengd.
Når produktivitet vert omtala utan nærare detaljar, er det vanlegvis arbeidskraft det er snakk om, oftast uttrykt per timeverk. For ei enkelt vare kan ein uttrykkje produktiviteten i fysiske einingar, men dersom ein skal sjå fleire produkt under eitt, må ein oppgje han i verdi. Dette skaper prinsipielle vanskar for samanlikning av produktivitet i verksemder eller næringsgreiner som produserer ulike varer. Ein må då fastleggje eit sett av verdiar som skal vere med i resultatet av samanlikninga. Også ved samanlikningar av produktivitet på to tidspunkt for ein og same sektor er resultatet avhengig av verdifastsetjinga, men ikkje i same avgjerande grad. Produktivitet av ein produksjonsfaktor er avhengig av kor mykje som vert sett inn av andre produksjonsfaktorar.
Kjelder |
- «Produktivitet – økonomi» på Store norske leksikon, innhenta 30. april 2010 (lisensiert under CC-BY-SA).
|