Stryn
- For kommunen med same namn, sjå Stryn kommune.
Stryn | |
tettstad | |
Stryn Foto: Sindre Jacobsen | |
Land | Noreg |
---|---|
Fylke | Sogn og Fjordane |
Kommune | Stryn |
Areal | 1,89 km² |
Folketal | 2 482 (2017) |
Folketettleik | 1 313 / km² |
Postnummer | 6783 STRYN |
Innbyggjarnamn | stryning |
Preposisjon | i Stryn |
Wikimedia Commons: Stryn (village) | |
Stryn er kommunesenteret i Stryn kommune i Sogn og Fjordane fylke. Tettstaden har 2 482 innbyggjarar per 1. januar 2017 og ligg på nordsida ved inste delen av fjorden Nordfjord, ved utlaupet til Stryneelva. Sentrum i tettstaden heiter Tonning. På Tonning ligg mellom anna kommuneadministrasjonen, barneskulen Tonning skule, idrettsplass og Tonning møbelfabrikk.
Riksveg 15 og Fylkesveg 60 (tidlegare Riksveg 60) møtest i Stryn, og det er ekspressbussamband til Oslo, Trondheim, Bergen og Ålesund.
Folketalsutvikling |
Folketalsutvikling i Stryn | ||||
---|---|---|---|---|
År | Innbyggjarar | |||
1960 | 860 | |||
1970 | 1 046 | |||
1980 | 1 430 | |||
1990 | 1 689 | |||
2000 | 1 843 | |||
2009 | 2 177 | |||
2012 | 2 240 | |||
Kjelder: SSB: Norske folketeljingar |
Fotnotar |
Bakgrunnsstoff |
- Eldre fotografi frå Stryn på nettstaden til Nasjonalbiblioteket