Amon







Amon-Re
med hieroglyfar



M17
Y5
N35

N5
Z1
C1





Amon
med hieroglyfar



M17
Y5
N35
C12




Relieff av Amon i Karnak.


Amon (gammalegyptisk for 'løynd') er ein egyptisk gud. Han var ein lokal guddom i Theben og etterkvart vernegud for byen under det gamle kongeriket, men blei ein hovudgud i heile Egypt under det nye. Under det midtre riket blei han identifisert med solguden Ra og også kalla Amon-Ra.


Kjenneteikna til guden er ei høg krone av to fjører og eit was-septer (lang, tynn stav med kløyvd ende). Han var rekna som vind- eller stormgud og seinare som solgud. Som egyptisk hovudgud blei han også rekna som skaparen, oppretthaldaren og vernaren av verda.


Maken til Amon er til ulike tider kalla Amonet (ei hokjønnsform av namnet hans), Wosret og Mut. Sistnmende danna saman med måneguden Khonsu og Amon ein heilag familie for Theben.


Eit av dei viktigaste templa vigd Amon låg i Karnak ved Theben.


Amon blei også dyrka i antikke Hellas og Romarriket som Zevs Ammon og Jupiter Ammon.



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Amon



  • «Amon» i Store norske leksikon, snl.no.


Kjelder |



  • «Amon» (02.02.2013) i Store norske leksikon.


  • Delar av denne artikkelen bygger på «Amun» frå Wikipedia på engelsk, den 17. februar 2013.








Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Olav Thon