Loch Fyne






Loch Fyne


Loch Fyne (skotsk-gælisk Loch Fìnn, tyder «Vinfjorden», sjølv om det alrdi har eksistert vindruer her) er ein sea loch eller fjord på vestkysten av Argyll and Bute i Skottland. Han strekkjer seg 65 km innover frå Sound of Bute, og er dermed den lengste sea loch i landet. Han er knytt til Sound of Jura via Crinan-kanalen.


Loch Fyne er kjend for østersfiske og har gjeve namn til den lokale Loch Fyne Oysters. Han er òg kjend for sildefiske, særleg ved hjelp av drivgarn. På midten av 1800-talet var Loch Fyne i sentrum for ein kamp mellom dei tradisjonelle drivgarnfiskarane og dei nye trålarfiskarane, som dukka opp rundt Tarbert og Campbelltown i 1833.[1]


Loch Fyne er ein populær stad for dykking og fiske. Han er òg ein populær turistdestinasjon med attraksjonar som Inveraray Castle og dei nærliggande ruinane av Castle MacEwan og Castle Lachlan.


Landsbyen Portavadie ligg på austsida av fjorden.


Det finst delfin, sel og oter i fjorden, og sommaren er det mogeleg å sjå brugder.


Over ein halv million soldatar vart trena i landgang frå amfibievogner ved Loch Fyne i tida før D-dagen.


Nord for fjorden ligg fjella Arrochar Alps, Beinn Bhuidhe, Glen Shira, Glen Fyne, Glen Croe, Arrochar, Tyndrum og Loch Lomond ligg i nærleiken.



Galleri |




Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Loch Fyne» frå Wikipedia på engelsk, den 15. januar 2010.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. The Rinn-Net Fishermen, Martin







Bakgrunnsstoff |



  • Lochfyne.info - offisiell nettstad.

  • Bilete av Castle MacEwan og Loch Fyne

  • Fjorden sett frå sørsida av borga


Koordinatar: 56°03′57.25″N 5°17′03.93″W







Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Olav Thon