Selura
| Selura | |
innsjø | |
| Land | |
|---|---|
| Fylke | Vest-Agder |
| Kommune | Flekkefjord |
| Høgd over havet | 32 moh |
| Areal | 5,70 km² |
| Middeldjupn | ca, 130 m |
| Kystlengd1 | 31,48 km |
| Koordinatar | Koordinatar: |
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. | |
Selura er ein næringsfattig innsjø som ligg i Flekkefjord kommune i Vest-Agder fylke. Innsjøen ligg 32 moh. og er ca. 130 m djup på det djupaste. Han har utløp mot aust til indre fjordbasseng i Flekkefjorden ved tettstaden Drangeid. Fossefallet vart brukt av ein del industri, som tønnefabrikk og Aarnes Garveri (framleis i drift). Langs vatnet si nordside ligg gardane Lilledrange, Glendrange og Stordrange. Nordaustsida er prega av ein steil nord-sørgåande fjellside, der ein finn garden Seland oppe i sida. Egeneset er ein stor morenerygg som nesten deler vatnet i to i sør ved Nulandsvika, der ein finn Egenes Camping og eit vasskitrekk. I ssøenden av vatnet finst òg industriområde som er knytt til E39 ved Trøngsla.
Selura er rik på fisk, men dessverre er fisken liten. Fiskeartane i Selura er aure, ål og røye.
|