Cleveland




Koordinatar: 41°28′56″N 81°40′11″W











































Cleveland


Terminal Tower.jpg

Utsikt frå Terminal Tower.






flagg


Land

Flag of the United States.svg USA
Stat

Ohio
Fylke

Cuyahoga

Koordinatar

41°28′56″N 81°40′11″W

Høgd
199 m
Areal
213 4 km²

Folketal
478 403



Wikimedia Commons: Cleveland, Ohio


Cleveland er ein by i delstaten Ohio i USA. Byen ligg i det nordaustre Ohio, ved sørbreidda av Eriesjøen og munningen av Cuyahoga-elva. Cleveland er administrasjonssentrum i Cuyahoga County, og den nest største byen i Ohio med 478 403 innbyggarar (2000).




Innhaldsliste






  • 1 Historie


  • 2 Politikk


  • 3 Næringsliv


  • 4 Kultur


  • 5 Kjelder


  • 6 Bakgrunnsstoff





Historie |




Eit Standard Oil-raffineri i 1899.


Cleveland vart grunnlagt i 1796 ved utløpet av Cuyahoga-elva, etter at ei gruppe nybyggarar under leiing av Moses Cleaveland kjøpte landet av urfolket. Etter at Ohioelva vart forbunden med Eriesjøen med ein kanal i 1832 tok Cleveland til å vekse, då vart byen eit knutepunkt for trafikken mellom Dei store sjøane og Mississippielva.


Ohio vart etterkvart sentrum for ein stor kol- og stålindustri. John D. Rockefeller bygde opp formuen sin i Cleveland, og i 1920 var byen blitt til USAs femte største by.


Etter andre verdskrigen følgde ein periode med velstand for Cleveland. På 1960-talet tok industrien til å få problem, og mange flytta ut av byen til forstadane. Det kom og til raseopptøyar i Cleveland i 1966 og 1968.


I 1978 greidde ikkje byen låna sine lenger, og vart med det den første store amerikanske byen sidan depresjonen som gjekk konkurs.



Politikk |


Det demokratiske partiet har alltid stått sterkt i Cleveland. John Kerry fekk fleirtalet av røystene i byen under presidentvalet i 2004.


Frank G. Jackson er borgarmeister i byen (2006). Borgarmeisteren har stor makt, og kan i stor grad handle utan å legge saker fram for bystyret. Cleveland var den første større byen i USA som hadde ein svart borgarmeister, Carl B. Stokes (1968-71).



Næringsliv |




Clevelands skyline


Cleveland har tradisjonelt vore eit sentrum for stålindustri og eksport. Plasseringa ved Eriesjøen og Cuyahogaelva har gjort byen til eit samferdsleknutepunkt. Dei siste åra har nedgangen i amerikansk industri ramma byen, men ein oppgang i servicenæringane har til ei viss grad kompensert for dette.


På 2000-talet har Cleveland satsa tungt på høgteknologi som forsking på brenselceller og bioteknologi. Dei mange universiteta i byen er ein viktig brikke i dette miljøet. Offentlege styresmakter har satsa mykje på å bygge ut ein moderne infrastruktur for telekommunikasjon for å tiltrekke seg nye selskap i høgteknologiske bransjar.



Kultur |




Baseballstadionet Jacobs Field


Cleveland har tre profesjonelle toppidrettslag. Cleveland Indians speler i Major League Baseball, Cleveland Browns speler i National Football League og Cleveland Cavaliers speler i National Basketball Association.


Cleveland Orchestra er eit symfoniorkester som held til i Cleveland. Det er rekna som eitt av de fem store symfoniorkestra i USA.


Ein viktig turistattraksjon i Cleveland er Rockens æresgalleri. Eit anna viktig museum i byen er Cleveland Museum of Art.



Kjelder |




  • «Cleveland: by i Ohio» (14. februar 2009), Store norske leksikon.



Bakgrunnsstoff |


Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Cleveland frå Wikivoyage


  • Byens nettsider




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Olav Thon