Hubert Neuper






Hubert Neuper


Hubert Neuper (fødd 29. september 1960) er ein tidlegare austerriksk skihoppar. Han var med på å dominere internasjonal hoppsport ein kort periode på starten av 1980-talet.


Han vann hoppveka samanlagt i 1980 og 1981, og gjekk til topps samanlagt i den aller fyrste verdenscupsesongen (1979/80), og kom på andre plass samanlagt to år seinare. Han tok sølv i storbakkerennet under OL i 1980 i Lake Placid. I tillegg har han ei sølvmedalje frå lagkonkurransen under VM 1982 i Oslo.


Etter at Neuper la opp som hoppar starta han ein skiskule på heimstaden Bad Mitterndorf, Steiermark. Han gjennomførte òg pilotudanning, og arbeidde i fleire år som flygar. Frå og med skiflygings-VM i Kulm i 1996 har han hatt ei sentral rolle i arbeidet med å arrangera skiflygingskonkurransar i Kulm.


Hubert Neuper er ein av grunnleggjarane bak World Sports Awards (seinare kalla Laureus Awards) som blei arrangert for fyrste gong i november 1999.


I 2003 gav Neuper ut biografien "Flatline". Han gifta seg med Claudia i 1984. Dei har to døtrer.



  • Denne artikkelen bygger på «Hubert Neuper» frå Wikipedia på bokmål, den 13. desember 2008.



























































Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Olav Thon