Anatolij Demjanenko




























Anatolij Demjanenko

Anatoliy Demyanenko.jpeg

Verkeleg namn Анатопій Васильович Дем'яненко
Statsborgarskap Ukraina
Fødd
19. februar 1959
Dnipro
Idrett
fotball
Yrke
fotballspelar, fotballtrenar

Anatolij Vasyljovitsj Demjanenko (fødd 19. februar 1959) er ein sovjet-ukrainsk tidlegare fotballspelar og -trenar frå Dnepropetrovsk. Forsvarssspelaren var i maneg sesongar lagkaptein i Dynamo Kiev, ein klubb han vann cupvinnarcupen 1986 og over ti nasjonale trofe med. I 1988 spelte han EM-finale for Sovjetunionen mot Nederland.




Innhaldsliste






  • 1 Karriere


    • 1.1 Klubbspel


    • 1.2 Landslagsspel


    • 1.3 Merittar




  • 2 Kjelder





Karriere |



Klubbspel |


Demjanenko spelte i 1978 på Dnepr Dnepropetrovsk. Frå 1979 til -90 var han aktiv i Dynamo Kiev. Her var han i mange sesongar ein sentral spelar, mellom anna då Dynamo i mai 1986 for andre gong triumferte i cupvinnarcupen og slo spanske Atlético Madrid 3-0 i finalen i Lyon. Heime i Sovjetunionen vart han seriemeister fem gongar og cupmeister fire gongar med laget frå Kiev.


Etter eit mellomspel i FC Magdeburg og polske Widzew Łódź var Demjanenko i 1992/93 tilbake for ein siste sesong med Dynamo Kiev.



Landslagsspel |


Demjanenko spelte 80 landskampar for Sovjetunionen over knappe ni år i tida 1981-90. Han var med i fyrsteellevaren under Fotball-VM 1982 og EM 1988, spelte tre kampar i Mexico-VM 1986 og ein einaste under verdsmeisterskapen i Italia 1990, hans siste landskamp. Høgdepunktet med landslaget kom under europameisterskapen 1988 i Vest-Tyskland der det var siger 2-0 over Italia i semifinalen og tap med same siffera mot Nederland i finalen. Demjanenko skåra seks i alt landslagsmål, mellom anna i debuten. Han var kaptein i 18 kampar, fordelt på to periodar i 1986-87 og 1988-90.



Merittar |



  • EM-sølv: 1988 for Sovjetunionen

  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1986 med Dynamo Kiev

  • Sovjetisk seriemeister: 1980, 1981, 1985, 1986, 1990 med Dynamo Kiev

  • Sovjetisk cupmeister: 1982, 1985, 1987, 1990 med Dynamo Kiev

  • Ukrainsk seriemeister: 1993 med Dynamo Kiev

  • Ukrainsk cupmeister: 1993 med Dynamo Kiev



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Anatoliy Demyanenko» frå Wikipedia på engelsk, den 3. oktober 2018.


  • eu-football































Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?