Reinbeitedistrikt




Reinbeitedistrikt er i norsk reindriftsforvalting eit geografisk område der reindriftsutøvarar kan drive reindrift.


Kvart av dei seks reinbeiteområde reinbeiteområda i landet er delt inn i fleire reinbeitedistrikt.
I kvart reinbeitedistrikt oppretta etter § 2 i reindriftslova, skal det vere eit distriktsstyre valt av og blant dei aktive reindriftsutøvarane i distriktet. Samtidig med valet av medlemmer til distriktsstyret skal det avgjerast kven som skal vere leiar og nestleiar.


Distriktsstyret fører liste over reineigarane i distriktet og talet på rein. Styret skal sjå til at reindrifta i distriktet skjer i samsvar med gjeldande lover og forskrifter og kan påby eller setje i verk samling, merking, skilling og teljing av rein dersom reineigarane ikkje blir samde og sjølv gjennomfører slike tiltak.


Leiaren i distriktsstyret representerer reinbeitedistriktet sine interesser og kan bl.a. inngå forlik, saksøke og verte saksøkt på vegne av reineigarane i saker som gjeld dei alle.


Kvart reinbeitedistrikt kan vere delt inn i fleire driftseiningar. Driftseiningane har løyve til å beite med eit visst tal rein innanfor distriktet sitt beiteland.





































Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva