Kåre Willoch













Kåre Willoch

Kare Willoch 2009.jpg
Kåre Willoch i 2009
Fødd
3. oktober 1928
Oslo

Kåre Willoch på Commons

Kåre Isaachsen Willoch (fødd 3. oktober 1928 i Oslo) er ein norsk politikar. Han var leiar av partiet Høgre frå 1970-74 og statsminister i Noreg frå 1981-86. 14. oktober 1981 danna han den fyrste reine høgreregjeringa sidan 1927. Frå 8. juni 1983 vart Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti med i regjeringa, regjeringa vart då ei koalisjonsregjering. Regjeringa gjekk av 8. mai 1986 etter at regjeringa hadde stilt kabinettspørsmål på å auke bensinavgifta, og blitt stemt ned i Stortinget.


På 1980-talet stod Willoch i spissen for ei høgrebølgje i norsk politikk. Arbeidarpartiet gjekk attende og Høgre fekk auka oppslutnad. Willoch var i mange ordskifte med leiaren i Arbeidarpartiet, Gro Harlem Brundtland. Saman vart dei kjend som berre Gro og Kåre.


Willoch er utdanna samfunnsøkonom, og arbeidde tidlegare i Norges Rederiforbund og Norges Industriforbund.


Dei seinare åra har han engasjert seg særleg for Palestina i konflikten med Israel, og har nytta utsegner som «Riv skammens mur!». Mange Israelvener hevdar at Willoch er antisemittisk. Willoch har vorte populær mellom mange norske sosialistar i Noreg dei siste åra, med sitt engasjement for naturvern og menneskerettar.


I 1997 vann han Fritt Ords Pris for uavhengige bidrag til norsk samfunnsdebatt.




Innhaldsliste






  • 1 Karriere


  • 2 Bibliografi


  • 3 Sjå òg


  • 4 Bakgrunnsstoff





Karriere |



  • 1953 - Utdanna cand.oecon.

  • 1954-63 - Tilsett i Norges Industriforbund

  • 1957-89 - Stortingsrepresentant for Oslo Høgre

  • 1963-65 - Generalsekretær i partiet Høgre

  • 28. august 1963 - 25. september 1963: Statsråd og sjef for Handels- og skipsfartsdepartementet (Handelsminister) i John Lyng si regjering

  • 12. oktober 1965 - 5. juni 1970 - Statsråd og sjef for Handels- og skipsfartsdepartementet (Handelsminister) i Per Borten si regjering

  • 1970-74 - Formann i Høgre

  • 1970-81 - Parlamentarisk leiar for Høgre si stortingsgruppe

  • 14. oktober 1981 - 8. mai 1986 - Norsk statsminister

  • 1986- - Visepresident i den Internasjonale Demokratiske Union

  • 1988-? - President for Norsk-tysk selskap (Deutsch-Norwegische Gesellschaft)

  • 1989-98 - Fylkesmann i Oslo og Akershus

  • 1990 - Leiar av Forsvarskommisjonen av 1990

  • 1998-00 - Styreformann i NRK



Bibliografi |



  • Willoch, Kåre: Minner og meninger, Chr. Schibsteds Forlag, Oslo 1988, ISBN 82-516-1231-4

  • Willoch, Kåre: Statsminister, Chr. Schibsteds Forlag, Oslo 1990, ISBN 82-516-1350-7

  • Willoch, Kåre: Tanker i tiden Cappelen , 1999 , ISBN 82-02-18596-3

  • Willoch, Kåre: Myter og virkelighet, Cappelen , 2002 , ISBN 82-02-20460-7

  • Willoch, Kåre: Utfordringer, Cappelen , 2004 , ISBN 82-02-23572-3



Sjå òg |



  • Liste over dei lengst sitjande norske statsministrar

  • Norske regjeringar


  • Kåre Willoch si regjering, som avløyste Gro Harlem Brundtland si fyrste regjering. I 1986 vart Gro Harlem Brundtland si andre regjering skipa



Bakgrunnsstoff |



  • «Kåre Willoch». Stortinget.no. 


  • Kåre Willoch i Norsk biografisk leksikon
















Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?