Finansdepartementet i Noreg




For finansdepartement i andre land, sjå Finansdepartement


































Finansdepartementet
Statsikon.svg

Type Departement
Virkefelt Noreg
Skipa
1814[1]
Statsråd Siv Jensen
Hovudkontor
Akersgata 40, Oslo
Tilsette 314 (2014)[2]
Nettside fin.regjeringen.no



Inngangspartiet i Finansdepartementet


Finansdepartement skal planlegge og setje i verk den økonomiske politikken, samordne arbeidet med statsbudsjettet, syte for at det offentlege får inn skattar og avgifter, samt overvake og utarbeide reglar for tilsyn og verksemd i finansmarknadane.


Finansdepartementet blei oppretta i 1814, etter at Noreg erklærte seg som ein sjølvstendig stat. Departementet skulle vareta viktige oppgåver for den nye nasjonen knytt til økonomien og finansane i staten.


Finansdepartementet er rekna som det mektigaste departementet i Noreg, fordi dei fleste forslag frå andre departement har økonomiske konsekvensar som blir analysert og vurdert av Finansdepartementet.


Departement er plassert i den gamle regjeringsbygningen ("G-blokka"), Akersgaten 40 i Oslo.




Innhaldsliste






  • 1 Organisasjon


  • 2 Leiinga i departementet


    • 2.1 Politisk leiing


    • 2.2 Administrativ leiing




  • 3 Sjå også


  • 4 Kjelder





Organisasjon |


Departementet er delt inn i seks fagavdelingar, i tillegg til administrasjonsavdelinga og informasjonseininga. Det har i alt ca 300 tilsette, der dei fleste er samfunnsøkonomar, juristar eller siviløkonomar.




  • Økonomiavdelinga samordnar den økonomiske politikken, og trekkjer blant anna opp rammer for bruken av oljepengar over statsbudsjettet. Denne avdelinga har ansvar for å lage prognosar for den økonomiske utviklinga i Noreg, og lagar Nasjonalbudsjettet blant anna på bakgrunn av desse. Avdelinga står også for dei fleste analysane i Langtidsprogrammet. Økonomiavdelinga vedlikeheld og forvaltar dei fleste av dei makroøkonomiske modellane som departementet rår over. Avdelinga har også ansvaret for å lage regelverket for pengepolitikken. Økonomiavdelinga har etatsansvar for Statistisk sentralbyrå.


  • Finansavdelinga har ansvaret for å utarbeide Statsbudsjettet kvar haust og Revidert nasjonalbudsjett kvar vinter, og har etatsstyringsansvar for Senter for statleg økonomistyring. Avdelinga forhandlar bilateralt med kvart departement gjennom budsjettprosessen.


  • Skattelovavdelinga har ansvaret for skatte- og avgiftslovgjevinga og har etatsstyringsansvar for Skatteetaten og Toll- og avgiftsetaten. Skattelovavdelinga utarbeider også forskrifter og rundskriv som presiserer skattelovgjevinga, og har hovudansvaret for arbeid med endring av denne.


  • Skatteøkonomisk avdeling analyserer konsekvensar av skattesystemet, og har hovudansvaret for provenyutrekningar knytte til både regjeringa sin skatte- og finanspolitikk, og dei forslaga som opposisjonen i Stortinget kvar haust sender departementet for å få utarbeidd konsekvensanslag for forslaga. Avdelinga rår over makroøkonomiske modellar som analyserer realverknaden av ulike skattereglar.


  • Finansmarknadsavdelinga har ansvaret for finansmarknadslovgjevinga og etatsstyringa for Kredittilsynet. Inntil 2007 forvalta også avdelinga Regjeringen sin eigarpost i banken DnB NOR, men forvaltinga av denne eigarposten er sidan flytta til NHD.


  • Avdeling for formuesforvalting utformar investeringsstrategien for Statens pensjonsfond - Noreg, («Folketrygdfondet») og Statens pensjonsfond - Utland («Oljefondet»). Avdelinga har oppfølgingsansvar for Noregs Bank, som forvaltar Statens pensjonsfond - Utland på vegne av departementet, samt for Folketrygdfondet som er blitt delegert oppgåva med forvaltinga av Statens pensjonsfond - Norge.


Departementet sine underordna etatar er:



  • Statistisk sentralbyrå

  • Kredittilsynet

  • Toll- og avgiftsetaten

  • Skatteetaten

  • Senter for statleg økonomistyring


I tillegg forvaltar departementet staten sine eigarinteresser i særlovselskapet Folketrygdfondet.


Departemenet har fagansvaret for lov om Norges Bank og pengevesenet, men Noregs Bank har ei sjølvstendig stilling i høve departementet. Banken kan berre instruerast av Kongen i statsråd, jf. sentralbankloven § 2.



Leiinga i departementet |



Politisk leiing |


Statsråd og sjef for Finansdepartementet (finansminister) er sidan 16. oktober 2013 Siv Jensen frå Framstegspartiet. Ho blir bistått av fleire statssekretærar og politiske rådgjevarar.[3]



Administrativ leiing |


Øvste administrative leiar er finansråd Svein Gjedrem frå 11. juni 2011.[4] Kvar av avdelingane blir leia av ein ekspedisjonssjef, som i dei aller fleste tilfelle har rykt opp som interne kandidatar frå departementet sitt eige embetsverk.



Sjå også |


  • Norske finansministrar


Kjelder |





  1. Om Finansdepartementet


  2. Talet på tilsette i følge Norsk samfunnsvitenskapelig datatjenestes forvaltningsdatabase



  3. «Erna Solbergs regjering 2013 -», regjeringen.no


  4. Finansråd Svein Gjedrem




  • Finansdepartementet

  • NSDs forvaltningsdatabase Finansdepartementets organisasjonshistorikk











Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Olav Thon