Terceira




















































Terceira

Serra de Santa Bárbara
Serra de Santa Bárbara
Geografi

Terceira-pos.png
Stad
Atlanterhavet
Koordinatar
38°44′N 27°19′WKoordinatar: 38°44′N 27°19′W
Øygruppe
Asorane




Areal 396,75 km²





Høgaste punkt
Santa Bárbara (1023 moh.)



Administrasjon
Land
Portugal Portugal
Autonom region
Asorane
Største busetnad
Angra do Heroísmo (35 581 innb.)




Demografi
Folketal 54 996
Folketettleik 140 /km²

Terceira (portugisisk Ilha Terceira) er ei øy i Asorane i Portugal med eit areal på 396,75 km². Øya har ei lengd på 29 km og er 18 km på det breiaste. Omkrinsen er 90 km og ho har om lag 55 000 innbyggjarar.




Innhaldsliste






  • 1 Geografi og geologi


  • 2 Samfunn og økonomi


  • 3 Historie


  • 4 Kjelder


  • 5 Bakgrunnsstoff





Geografi og geologi |


Terceira består av fire overlappande stratovulkanar over ei geologisk rift kalla Terceirarifta. Vulkanen stig frå eit djup på over 1500 meter under havet i Atlanterhavet. Den eldste vulkanen er over 300 000 år gamal og heiter Cinquo Picos. Denne dannar den austlege delen av øya med ein kaldera med diameter på 7 km, som er det største på Asorane. Den nest eldste er om lag 100 000 år gammal og er Guilherme Moniz sør på øya. Denne har òg ein kaldera der kanten av krateret er 623 meter over havet. Like nord for denne ligg Pico Alto, som truleg er mindre enn 60 000 år gammal. Han hadde ein gong ein kaldera òg, men denne er fylt att med fleire mindre lavadomar og kjegler med ei høgd på opp til 808 meter over havet.


Den yngste og einaste historisk aktive vulkanen er Santa Bárbara, som utgjer den vestlege delen av øya. Det høgaste punktet er 1023 meter over havet. Denne stratovulkanen har to kalderaer, og den yngste av desse er om lag 15 000 år gammalt. Historiske utbrot skjedde i 1761 langs ei sprekk på austsida av vulkanen og i 1867 og 1998–2000 frå undersjøiske ventilar utanfor vestkysten. Den vestlege delen av Treceira er meir skogkledd enn den austlege delen på grunn av vedvarande vestavind som gjev nedbør på denne sida.


Det meste av øya er omgjeve av kystklipper på om lag 20 meter, bortsett frå sørkysten nær Angra do Heroísmo. Her danna eit utbrot av basaltisk lava i grunt vatn ein tuffkjegle kalla Monte Brasil, som vernar hamna til hovudbyen på øya. Kjegla har ein diameter på 1 km og stig 205 meter over havet på vestsida av hamna.



Samfunn og økonomi |


Terceira er delt inn i kommunane Angra do Heroísmo og Praia da Vitória. Angra do Heroísmo, den historiske hovudstaden på Asorane, er den eldste byen på Asorane med ei historie som går tilbake til 1534. Det historiske sentrumet i byen er på verdsarvlista til UNESCO.


Hovudnæringa til Terceira er kvegdrift og mjølkeprodukt. Øya har to hamner ved Angra do Heroísmo og Praia da Vitória og ein militær flybase.



Historie |


Det tidlegare namnet på Terceira var Brazil. Etter kvart som øya vart meir kjend og kolonisert vart namnet endra til Terceira (som tyder «den tredje» på portugisisk, som i «den tredje øya»).


Ei årleg hending som vert halde kvar dag frå 1. mai til 30. september er tourada à corda (tyrefekting med tau). Det består av å sleppe ein okse, knytt fast til eit tau, laus i gatene der nokon drar i taua og andre utfordrar oksen. Touradas kan verte halde opp til tre gonger om dagen.


16. mars 2003 møttest George W. Bush, president i USA, Tony Blair, statsminister i Storbritannia, José María Aznar, statsminister i Spania og José Manuel Barroso, statsminister i Portugal, på Terceira for å diskutere invasjonen av Irak som starta fire dagar seinare, 20. mars.




Kjelder |





  • Denne artikkelen bygger på «Terceira Island» frå Wikipedia på engelsk, den 22. juni 2008.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:



  • Scarth, Alwyn og Tanguy, Jean-Claude (2001). Volcanoes of Europe. Oxford University Press. s. 243. ISBN 0-19-521754-3. CS1-vedlikehald: Fleire namn: forfattarliste (link)


  • Global Volcanism Program: Terceira




Bakgrunnsstoff |


    • Azores.com, ei kommerisiell side med mykje informasjon om Terceira








Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva