Gloppefjorden




Koordinatar: 61°48′9.5832″N 6°6′42.595″E




Sandane inst i Gloppefjorden




Cruiseskip inst i Gloppefjorden, like utanfor Sandane


Gloppefjorden eller Gloppenfjorden er ein fjordarm av Hundvikfjorden og Nordfjord i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane. Fjorden strekkjer seg 12 km søraustover til kommunesenteret Sandane inst i fjorden.


Fjorden har innløp mellom Kviteneset aust for Hestnesøyra i vest og Anda i aust. Frå Anda går det ferje nordover til Lote på nordsida av Nordfjord og over innløpet til Utvikfjorden. Fjorden er busett på begge sider, men særleg på austsida. Like sør for innløpet ligg Sandane lufthamn på austsida. Bygda Vereide ligg om lag halvvegs inn i fjorden på austsida, medan Sørstranda ligg lenger inn på vestsida. Andre stader langs fjorden er Hjelmeset, Apalset, Gloppestad, Ytre Hauge, Devik og Gimmerstad.


E39 går langs austsida av fjorden, medan Rv615 går langs vestsida.


Fjorden får tilført mykje ferskvatn frå omliggande vassdrag, der lakseelva Storelva frå Breimsvatnet er den største. 1 km sør for Sandane ligg Fitjesanden, ei badestrand ved Sandane Camping. Her ligg òg Selvågane, eit våtmarksområde med ein holme. Dette er eit freda sjøfuglreservat for fleire arter sjøfugl.





Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

Olav Thon

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?