Elisabeth Hilmo
















Elisabeth Hilmo

Fødd
29. november 1976
Trondheim
Yrke
handballspelar

Elisabeth Hilmo Meyer (fødd 29. november 1976) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Selbu som i perioden 1998-2004 vann to EM-gull, VM-gull og VM-sølv, EM-sølv og OL-bronse. Linjespelaren hadde særleg sin styrke i forsvarsspelet.


Hilmo spelte på Selbu IL til laget rykte ned frå toppserien i 2001. Sesongen 2001/02 var ho Byåsen-spelar, men då Selbu kom tilbake i toppserien i 2002, vart det det to nye år i Selbu-drakta for Hilmo. Etter nytt Selbu-nedrykk gjekk turen i 2004 til noregseinaren Larvik HK. Med Larvik vart ho seriemeister 2005, 2006 og 2007.


Hilmo spelte sin fyrste landskamp 1. juni 1998 og meisterskaps-debuterte med å verte europameister då Noreg vann 24-16 over Danmark i EM-finalen 1998. Året etter vart ho verdsmeister då Noreg etter ekstraomgangar slo Frankrike 25-24 i VM-finalen på Lillehammer. Ho var også med i troppen som under Sommar-OL 2000 i Sydney sikra Noreg bronse, men måtte finne seg i å sjå den jamne bronsekampen mot Sør-Korea frå tribuneplass. Frå handball-VM 2001 i Italia og EM 2002 i Danmark reiste ho heim med sølvmedalje, etter finaletap mot høvesvis Russland og vertslandet Danmark. To år etter EM-tapet mot Danmark møttest dei same to landslaga til ny EM-finale i Budapest, der Hilmo og Noreg vart europameistrar etter ein ein tomålstriumf. Eit for Noreg svakt VM i Moskva hausten 2005 vart Hilmo sin avskjed med landslagshandballen, etter spelte 180 landskampar og 282 mål.


Holmo la opp då ho var gravid i desember 2007.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Elisabeth Hilmo» frå Wikipedia på bokmål, den 10. desember 2016.







Popular posts from this blog

Olav Thon

Waikiki

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?