Jordstraum




Jordstraum eller tellurisk straum er ein elektrisk straum som går gjennom jordskorpa eller gjennom sjøen. Jordstraum kjem både av naturlege årsaker og menneskeleg aktivitet, og den diskrete straumen vekselverkar i kompliserte mønster. Straumane er ekstremt lågfrekvente og flyttar seg over store område ved og like nær jordoverflata.


Han blir danna ved at elektrisk ladning forflyttar seg for å utjamne ulikt elektrisk potensial eller spenningsskilnader mellom ulike stader i jordskorpa. Slike spenningsskilnader vil òg drive straumar i lange tele-, data- og kraftlinjer, i røyrleidningar og andre elektrisk leiande samband. Den sterkaste delen av straumen er rein likestraum, men det finst òg vekselstraumskomponentar over eit breitt frekvensområde.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Telluric current» frå Wikipedia på engelsk, den 28. mai 2013.


  • jordstrøm. (28.02.2013) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/jordstr%C3%B8m




Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Hudsonelva