Musikkstykket Atom Heart Mother




























Atom Heart Mother
Song av Pink Floyd
frå albumet Atom Heart Mother


Utgjeve
10. oktober 1970

Innspelt
mars, april, juni 1970
Abbey Road, London

Sjanger

Progressiv rock, symfonisk rock, avantgarde rock, eksperimentell rock

Lengd
23:44

Låtskrivar(ar)

Roger Waters
David Gilmour
Richard Wright
Nick Mason
Ron Geesin

«Atom Heart Mother» er eit musikkstykke av det britiske bandet Pink Floyd, komponert av heile bandet og Ron Geesin for albumet med same namn. Stykket tok opp ei heil vinylside og er det lengste udelte stykket til Pink Floyd med 23 minutt og 44 sekund, 11 sekund lenger enn «Echoes». I følgje Nick Mason vart trommene og bassen til stykket spelt inn i ein eingong, og derfor varierer tempoet i songen noko.[1]




Innhaldsliste






  • 1 Komposisjon


    • 1.1 Father's Shout (0:00-5:25)


    • 1.2 Breast Milky (5:25-10:12)


    • 1.3 Mother Fore (10:12-15:32)


    • 1.4 Funky Dung (15:32-17:43)


    • 1.5 Mind Your Throats, Please (17:43-19:49)


    • 1.6 Remergence (19:49-23:44)




  • 2 Fakta


  • 3 Medverkande


  • 4 Kjelder





Komposisjon |


Stykket er delt inn i seks delar, og det er noko usemje om når dei forskjellige delane startar. Tidene i parentes er tidene som flest personar meiner er dei riktige.



Father's Shout (0:00-5:25) |


Stykket opnar med ein låg synthesizer tone før blåseinstrumenta set inn og skapar ein dramatisk effekt. Blåsarane og trommene spelar eit minutt eller to, før musikken vert rolegare med bratsj, elektrisk bass og orgel. Etter dette følgjer ein slidegitarsolo med mykje klang.



Breast Milky (5:25-10:12) |


Like etter gitarsoloen startar eit fem minutt langt korparti i lag med orgelet til Wright og trommene til Mason.



Mother Fore (10:12-15:32) |


Ein enkel improvisasjon, ikkje ulik parti i «Echoes» på Meddle og «Any Colour You Like» på The Dark Side of the Moon. Dette partiet inneheld den andre gitarsoloen i songen, men er meir bluesaktig enn den første. Etter ei stund kjem koret tilbake og syng lydar som høyrest ut som «Tea, toast, coffee, yeah» og «Sa sa sa sa sa sausage rrrrrrrroast beef». Songen byggjer seg så sakte opp til hovudtemaet med blåsarane frå introen.



Funky Dung (15:32-17:43) |


Det første av to meir bråkete stykke av songen, og inneheld mange lydar i høg tone. Etter ei stund kan ein høyre ei forvrengd stemme som seier «Here is a loud announcement», om lag 10 sekund før neste seksjon startar.



Mind Your Throats, Please (17:43-19:49) |


Dette er det andre meir bråkete stykket, men brukar forskjellige instrument og parti som tonar inn og ut. Mange av desse er små utdrag frå tidlegare parti i stykket. Slutten av partiet byggjer seg opp mot det siste temaet, og like før det startar kan ein høyre ei forvrengd stemme rope «Silence in the studio!». Temaet i stykket vert spelt om att, før det heile roar seg ned til neste seksjon.



Remergence (19:49-23:44) |


Dette stykket er ein reprise av bratsjsoloen etterfølgd av ein ny slidegitarsolo. Dette fører fram mot den klimatiske slutten der koret, blåseinstrumenta og heile bandet er med på hovudtemaet. Det heilar endar med ein svært lang tone.



Fakta |


Arbeidstittelen for stykket var «The Amazing Pudding». Denne tittelen vart brukt som namnet på eit uavhengig Pink Floyd-fanmagasin på 1980- og 90-talet.



Medverkande |




  • David Gilmour - gitar, slide


  • Roger Waters - bass, lydeffektar


  • Richard Wright - Tangentinstrument, instrumentering


  • Nick Mason - trommer, perkusjon, lydeffektar


med:




  • Ron Geesin - instrumentering

  • Abbey Road Session Pops Orchestra - orkester



Kjelder |





  1. Atom Heart Mother - Trivia and Quotes, Pink Floyd Co.








Popular posts from this blog

What are all the squawk codes?

What are differences between VBoxVGA, VMSVGA and VBoxSVGA in VirtualBox?

Olav Thon